Statped står for Statleg spesialpedagogisk støttesystem
Til kommunar og fylkeskommunar gir Statped tenester som skal medverke til at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov får
- god og tilrettelagd opplæring
- tilfredsstillande læringsutbytte som fører til meistring
Til brukarar og fagmiljø utviklar Statped kompetanse og formidlar kunnskap om spesialundervisning og likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring.
Statped er eit nettverk av spesialpedagogiske senter under Utdanningsdirektoratet.
Statpeds mål er å:
- yte spesialpedagogiske tenester av god kvalitet til rett tid på individ- og systemnivå på område der ein ikkje kan vente at kommunane har kompetanse
- sikre skole- og miljøtilbod for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring etter avtale med oppdragsgivar
- syte for mest mogleg lik tilgang på tenester i alle landsdelar
- utvikle høg spesialpedagogisk kompetanse og formidle dokumentert kunnskap