Multifunksjonshemming og inkludering i barnehagen

Barn med multifunksjonshemming treng, som alle andre barn, ein fellesskap som er merksam på korleis dei kan utvikle seg og lære. Alle treng å bli sett, akseptert og verdsett. 

Inkludering av alle barn i fellesskapen er eit grunnleggande premiss for arbeidet i barnehagen, jamfør St.meld. nr. 41. (2008–2009) Kvalitet i barnehagen (regjeringen.no). Den inkluderande barnehagen er basert på verdiar og eit menneskesyn med respekt for menneskerettar og menneskeverd, jamfør Lov om barnehager § 1. Formål (lovdata.no)

Mangfald og endring

Det er eit stort mangfald i norske barnehagar. Barn kan delta i fellesskapen på ulike måtar. Mangfald blir ofte sett på som noko positivt, og som ein verdi som skal gi utviklingsrom for alle barna.

Inkludering inneber endring, og dette er ansvaret til alle. Ved å gå gjennom hindringar for at eit barn kan delta, kan barnehagen oppdage at arbeidsmåtar, organisering og innhald i seg sjølv kan vere eit hinder. Dette kan bevisstgjere barnehagemiljøet om å tilpasse seg mangfaldet.

Kunnskap og fleirfagleg samarbeid

Barn med store og samansette funksjonsnedsetjingar er ei heterogen gruppe menneske. Som alle andre har dei behov for å bli forstått på variert vis, og for å få støtte og tilpassing i kvardagen. Slikt krev kunnskap og fleirfagleg samarbeid for å finne god ytre tilpassing som står i høve til dei indre behova hjå barnet. Omfanget på og organiseringa av korleis barnet deltar i fellesskapen, krev derfor at alle forstår kva det vil seie å tilrettelegge godt for kvar einskild. Å vurdere kva som er til beste for barnet er eit viktig grunnlag i denne prosessen.

Å utvikle eit inkluderande barnehagemiljø handlar om at barn blir verdsett som dei unike personane dei er. Da trengst fagpersonar med evne til å reflektere omkring haldningar, pedagogikk og verdiar, og ikkje minst til å omsetje dette i praksis i kvardagen i barnehagen.