Multifunksjonshemming og inkludering i skolen

Idealet i den norske skolen er at alle elevar skal inkluderast i eit fagleg, kulturelt og sosialt fellesskap. Med eit stort mangfald i elevgruppa står skolen ovanfor ei stor utfordring og mange strever med å inkludere elevar med store og samansette funksjonsnedsetjingar i fellesskapet. Uansett funksjonsnivå har alle rett og plikt til opplæring. Statped skal i samarbeid med kommunar, skolar og barnehagar arbeide for gode inkluderande læringsmiljø.

For at skolen skal famne alle barn må den åpne for mangfald og variasjon. Uansett kva barn det er som skal inkluderast i fellesskapet må det leggast til rette for aktivitetar der alle kan delta ut i frå sine føresetnader. Elevar med multifunksjonshemming har store lærevanskar og forståelsesvanskar. Noen har også ulike formar for sansevanskar, motoriske vanskar og helseproblem. Disse elevane er ei heterogen gruppe og må som andre elevar ha tilpassa opplæring..

Viktige tiltak må vere på plass for å lykkast  med inkluderingsarbeid i skolen (inspirert av Mitchell 2015):      

  • Det må vere eit ønske om å samarbeide om finne gode strategiar som kan føre til inkluderande praksis. Det stilles derfor krav til tilrettelegging, god kunnskap om eleven og motivasjon for at også disse elevane skal delta i fellesskapet. Det er viktig å ha god kunnskap om barnets indre behov for å etablere rammer barnet har nytte av.
  • Ved å rydde vekk hindringar for at eleven skal kunne vere deltakar i skolemiljøet, kan ein oppdage at arbeidsmåtar, organisering og innhald i seg sjøl kan vere eit hinder for deltaking. Dette ryddearbeidet kan føre til ei bevisstgjering når det gjeld skolemiljøet sin evne til å tilpasse seg mangfaldet.
  • Eleven må ha plass i klasserommet. Omfanget og organiseringa av aktivitetane må tilpassast ut i frå kva som er best for eleven. Det er viktig å ha ein god balanse mellom aktivitet og kvile for barn med store vanskar, og mange treng å ha eit rom i tillegg til klasserommet.
  • Eleven må ha tilpassa individuell opplæringsplan, tilpassa vurdering og tilpassa undervisning.
  • Støtte og samarbeid. Inkluderande undervisning krever støtte frå eit lag av fagfolk som er inne, lærarar, assistentar, fysio- org ergoterapeut, rektor, PPT og eventuelt andre. Foreldre er viktige stemmer i samarbeidet.
  • Leiing av inkluderande prosessar er ein føresetnad for å samle prosessarbeidet, for å utvikle felles forståing og for at inkludering skal bli ein del av kulturen. Dette er viktig for å unngå fragmentert bistand.