Multifunksjonshemming og sakkunnig/sakkyndig vurdering

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) eller annan sakkunnig instans skal utarbeide sakkunnig vurdering og medverke til at elevar får eit likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole.

Vanskane som barn og elevar med multifunksjonshemming har, gjer at dei ikkje vil få eit tilfredsstillande utbytte av ordinære pedagogiske tilbod. Dei treng eit tilbod som i stor grad er individuelt tilpassa.

Gode sakkunnige vurderingar trengst for at spesialpedagogiske tilbod skal bli tilfredsstillande. Vurderingane legg grunnlaget for at skolen kan gjere eit enkeltvedtak og skape ein god individuell opplæringsplan for eleven.

God kvalitet

Kvalitet i alle ledd trengst for å gi eleven ein god skolegang:

  1. Skole og PPT må finne ut kvar eleven står når det gjeld kunnskapar og ferdigheiter.
  2. PPT må gjere ei sakkunnig vurdering som klargjer kva eleven treng.
  3. Skolen må fatte eit enkeltvedtak der dei klargjer skolen sitt tilbod og innrettinga på undervisninga.
  4. Læraren må lage ein individuell plan (IOP) for opplæringa som klargjer kva slags læringsmål som gjeld, og kva slags pedagogiske verkemiddel som skal nyttast.
  5. Skolen må sjå til at skoledagen får eit innhald som er prega av god pedagogisk praksis.
  6. Undervegs i skolegangen må skolen og PPT vurdere læringsutbyttet og læringsbehovet til eleven (sjå pkt. 1). Om det trengst, må dei gjere endringar av mål og framgangsmåtar. I slutten av kvart skoleår må skolen lage ein rapport om det pedagogiske arbeidet med eleven.

Krav til sakkunnig vurdering

Utdanningdirektoratet har gitt ut Veilederen Spesialundervisning (udir.no), som er tydeleg på krava til sakkunnig vurdering. Vurderinga skal

  • vere utførleg, klar, tydeleg og individualisert
  • munne ut i konkrete tilrådingar om mål og tiltak knytt til det metodiske arbeidet med barnet/eleven
  • seie noko om kva kompetanse det pedagogiske personalet må ha

Når PPT lagar sakkunnige vurderingar for barn og elevar med multifunksjonshemming, må dei vurdere andre fagtema enn dei vi finn Kunnskapsløftet. Veilederen Spesialundervisning , kapittel 8.3 Hva skal IOP-en inneholde? (udir.no) omtalar desse fem alternative måla knytt til elevar med store avvik (sitert på bokmål):

  • egenomsorg (å kunne ta vare på seg selv, kropp og helse)
  • kommunikasjon (å kunne gjøre seg forstått og forstå andre)
  • nærhet og samhørighet (å ha kontakt med og tilhørighet til andre mennesker)
  • verdsatte sosiale roller
  • praktiske ferdigheter