Afasi og munnlege ferdigheiter

Afasi kan gi vanskar med å uttrykke seg munnleg og med å forstå kva som blir sagt. Han kan gi vanskar med å formulere seg, å få fram ord eller komme på ord. Afasi kan også gjere at det blir vanskeleg for andre å forstå samanhengen i det personen seier.

Munnlege ferdigheiter og det å forstå kva andre seier er viktig for trivsel, sosialt samspel og livskvalitet. Personen har tidlegare beherska desse ferdigheitene, men har mista dei grunna skaden. Vaksne med erverva hjerneskade har rett til spesialundervisning etter opplæringslova §4A-2. Les meir om afasi og spesialundervisning.

Vanskar med munnlege ferdigheiter skuldast skaden ein har fått på språkområdet i hjernen. Det er ulike måtar å jobbe med vanskane på. Les meir om arbeid med afasi og forståing av tale