Afasi og tidleg innsats

I tida etter ein skade kan det skje ei spontan språkleg betring. Det er likevel viktig at ein kjem i gang med språkopplæringa hos logoped så tidleg som mogleg. Dei fleste som får afasi, vil ha behov for intensiv og langvarig opplæring.

Målet med spesialundervisning for personar med afasi er å rehabilitere eller erstatte språklege dugleikar. Tidleg innsats blir viktig for å utnytte potensialet som ligg i spontanbetringa. Å kunne lese, uttrykke seg munnleg og skriftleg og nytte digitale verktøy er dugleikar som oftast må bli lært på nytt eller haldast ved like etter skade i hjernen. Ein logoped kartlegg korleis språket fungerer og tilpassar undervisninga basert på dette.

Les meir om kartlegging og utgreiing av afasi.