Inkludering ved afasi

Vi brukar språket for å kommunisere med andre menneske. Ein person som er råka av afasi kan ha vanskar med å uttrykke eigne tankar og meiningar. Dette har konsekvensar for inkludering i familie, studie- og arbeidssituasjon og sosialt liv.

Personer med afasi skal inkluderast på lik linje som andre. Etter ein skade eller sjukdom i hjernen vil dei fleste ha nedsett kapasitet og energi i ein eller annan grad. Dette må takast omsyn til viss personen skal tilbake i eit studie- eller arbeidsforhold.

Informasjon til pårørande

Dei pårørande er gjerne saman med personen til dagleg. Familielivet er difor ein naturleg arena for inkludering. Dei pårørande treng som regel opplæring om afasi og eventuelle tilleggsvanskar. Dei treng òg å lære korleis dei best kan samtale med og legge til rette for personen, til dømes gjennom støtta samtale.
Ein logoped med ansvar for opplæring av afasiramma skal involvere dei pårørande, og om mogleg også skulen eller arbeidsgjevaren.

Studentar med afasi

Afasi er ein språkvanske som har innverknad på dei grunnleggjande dugleikane våre. Om den afasiramma studerer, bør han kontakte studierettleiar for å få tilpassingar etter behov. Han kan trenge tilpassa hjelpemiddel og eksamensform, justere på studieløp og poeng, eller byte til ein annan studie.

Arbeidstakarar med afasi

Jobben er for mange eit sosialt fellesskap og den bidreg til ei kjensle av identitet. Ved afasi er det viktig å finne måtar å tilpasse arbeidet på slik at personen framleis blir inkludert i arbeidslivet, og får behalde sitt sosiale fellesskap på arbeidsplassen. Informer arbeidsplassen om afasi, og eventuelle tilleggsvanskar, som nedsett konsentrasjon, merksemd og endra synsfunksjon.

Les meir om: Tilrettelegging i overgangen til studiar og arbeidsliv er viktig for inkludering, og kan ha stor innverknad på livskvaliteten hos personar med afasi.