Overgangar for personar med afasi

Etter ein sjukdom eller skade i hjernen går dei fleste gjennom ein eller anna form for overgang. Overgangar er ekstra utfordrande for personar med afasi. Dette er fordi dei har vanskar med kommunikasjon.

Overgangar inneber ofte mykje nytt, og ein må orientere seg på ny. Mange med afasi opplever overgangar etter sjukdom, som å forlate sjukehuset eller flytte til rehabiliteringsopphald eller sjukeheim. Andre opplever overgangar når jobb eller opplæring ved vaksenopplæringa blir avslutta.

For å lette overgangen er det viktig at eit tverrfagleg team legg til rette slik at overgang og inkludering skjer på ein god måte. Ein logoped bør vere med i teamet og informere om afasi. Teamet må ta omsyn til personen sine interesseområde, motivasjon og ønske for den nye tilværa.

Tips i ulike overgangssituasjonar

Frå sjukehus eller heim til rehabiliteringsopphald eller sjukeheim:

  • Lag ei kommunikasjonsbok til personen. Den kan innehalde informasjon om familie, vener, heim og hytte, arbeid og hobbyar
  • La ein fagperson besøke institusjonen og informere om afasi og korleis helsepersonell best kan samtale med ein med afasi
  • Lag ei oversikt over dei viktigaste orda personen treng på sjukeheimen, og laminer dei saman med bilete til bruk i kommunikasjonen

Frå jobb til arbeidsledig eller omskolering:

  • Undersøk moglegheita for å gjere friviljug arbeid
  • Personen med afasi kan nytte avisa eller sosiale media til å orientere seg om kva som skjer i kommunen
  • Ein logoped eller anna fagperson med kompetanse om afasi kan vere ressursperson for rådgjevarar i NAV under ein omskoleringsprosess

Frå vaksenopplæring eller studiar til aktivitet kan personen til dømes ta i bruk:

  • Tilbod i kommunen som dagsenter og/eller turlag
  • Kurs og aktivitetar ut i frå interesser
  • Idrettsfaglege lågterskel tilbod som symjing, allidrett eller klatrekurs for vaksne