Tilrettelegging for personer med afasi

Vis at du har god tid. Det er eit godt råd når du snakkar med og underviser personer med afasi. Gi han tid til å forstå, og til sjølv å formidle seg.

Her er nokre generelle samtaleråd:

  • Snakk naturleg og i korte setningar
  • Ver ein rollemodell ved å nytte gestar og mimikk som støtte til det du seier
  • Bruk hjelpemiddel som bilete, kart, kalender, klokke, tal, alfabetet og internett
  • Skriv ned viktige beskjedar og hovudpoeng i ein kvar samtale
  • Å teikne med blyant på papir kan skape felles forståing

Afasiramma har ofte ein kombinasjon av ulike vanskar. Dei kan ha ulik grad av vanskar med å snakke. Det kan vere vanskeleg å lese eller skrive, eller begge delar. Nokon les ein tekst korrekt, utan å forstå det dei les. Andre forstår innhaldet, men klarar ikkje å lese høgt. For nokre er det vanskeleg å skrive.

Ein logoped hjelper med å tilpasse ulike kommunikasjonshjelpemiddel og oppgåver. Logopeden må prøve seg fram for å sjå kva som fungerer.

Her er nokre døme på tilrettelegging for personar med afasi:

  • Bruke filofax eller nettbrett til å kommunisere med
  • Jobbe med språklege oppgåver på pc gjennom Lexia
  • Nytte lettlestavisa Klar Tale.no
  • Nytte lydbok frå NLB.no viss personen ikkje lenger kan lese, men forstår det han høyrer
  • Bruke opplesingsfunksjon på nettbrett og pc
  • Gjere tilpassingar på nettbrett og pc viss synet er råka. Døme er å forstørre tekst og endre skrifta til kvit og bakgrunnsfargen til svart slik at det blir lettare å sjå og lese.
  • Bruke hjelpemiddel til å skrive. Få stempel med eigen signatur frå NAV Hjelpemiddelsentral
  • Nytte diktafonfunksjonen på nettbrett, eller diktafon-appar for å skrive SMS, e-post og oppdatere sosiale media
  • Nytte digital penn, til dømes ein C-penn, for å få skannet tekst frå offentlege dokument og brev som kjem i posten. Pennen kan òg skanne KID-nummer og andre tal ein treng til å betale rekningar i nettbanken