Dysleksi og inkludering

Elevar med lese- og skrivevanskar skal inkluderast fagleg og sosialt på skolen på lik linje med andre elevar.

Elevar med lese- og skrivevanskar blir i varierande grad tatt ut av klassen for å få undervisning aleine eller i grupper. Opplæringslova er likevel tydeleg på at alle elevar skal ha så stor del av undervisninga som mogleg innanfor klassefellesskapet. Dei fleste barn har ei sterk kjensle av å høyre til i klassen sin og ønsker og ta mest mogleg del i kva som skjer der. Omsynet til dette må vege tungt, sjølv om det i nokre tilfelle er nødvendig at elevane tar del i aktivitetar på utsida av klassen.

Fagleg inkludering

Dette er viktig for fagleg inkludering av elevar med dysleksi:

  • Ein lærar som kommuniserer klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg.
  • Varierte og fleksible prøveformer.
  • Utstrekt bruk av PC framfor penn og papir.
  • Bruk av teknologi som sikrar lik tilgang til kunnskap.

Sosial inkludering

Dette er viktig for sosial inkludering av elevar med dysleksi:

  • Lærarar må sørge for at den ordinære undervisninga ikkje ekskluderer elevar som strevar med å lese og skrive.
  • Elevar som har behov for ekstra hjelp, får denne støtta inne i klassen så langt det er mogleg.
  • Når elevar blir tatt ut av klassen, bør det skje i grupper med andre elevar og innanfor ein avgrensa periode. Eksempelvis ved intensive lesekurs.