Oppdage leppe-, kjeve- og ganespalte

Barn må bli grundig utgreia dersom dei har vanskar knytt til forhold i ganen, utan at dei har fått påvist ei spalte.

Leppe-kjeve-ganespalteteama i Bergen og Oslo utgreier barn som har vanskar med same symptom som ved ganespalte, utan at det er oppdaga ei spalte. Vanskane kan skyldas ei skjult ganespalte, som ikkje alltid blir oppdaga ved fødsel, eller ein dysfunksjon i ganen.
Dersom eit barn har følgande vanskar, er det tilrådeleg å tilvise for ein grundigare utgreiing:
  • Vanskar med å gjere seg forstått verbalt på grunn av trykkredusert artikulasjon eller nasal tale.
  • Problem med at det kjem mat eller drikke ut av nasen.
  • Gjentatte periodiske høyrseltap.
Trekka treng ikkje kvar for seg bety at barnet har ei skjult ganespalte eller ein ganedysfunksjon, men det er likevel lurt å undersøke nærmare.
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) kan tilvise barnet til Statped for utgreiing ved mistanke om skjult ganespalte eller ganedysfunksjon.