Overgangar for barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte

Barnehagar og skular må ha god kunnskap om leppe-kjeve-ganespalte i møte med eit barn fødd med spalte.

Overgang til barnehage

Barn som er fødd spalte kan bruke lengre tid på å tileigne seg språklydar. Sidan førekomsten av spalte ikkje er så stor, kan det hende at barnehagetilsette føler seg usikre på korleis dei kan stimulere språk- og taleutviklinga til barn som er fødd med spalte.
Helsestasjon og Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er gode samtalepartnare for foreldra i forkant av barnehagestart. Det kan vere lurt å søke PPT før barnet begynner i barnehagen. Då kan PPT bidra med rådgjeving og rettleiing til barnehagen i korleis dei kan støtte utviklinga til barnet.
Statped tilbyr eit foreldrekurs for barn fødd med spalte i ganen når barnet er om lag to år. Les meir om det her.

Overgang til skule

Nokre barn har framleis behov for oppfølging av logoped når dei byrjar på skulen. PPT kan bistå foreldra i overgangen mellom barnehage og skule. Start førebuingane i god tid før skulestart.
Ved skulestart kan det hende at barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte får mange spørsmål om spalta, som kvifor dei har arr på leppa, eller snakkar litt annleis. Dess meir forståing og informasjon barna har om si eiga spalte, dess meir robuste er dei i møte med slike spørsmål.
Det kan vere nyttig å informere dei andre foreldra om kva spalte er, for eksempel på eit foreldremøte. På den måten kan dei andre foreldra forklare for eigne barn dersom dei kjem heim med spørsmål.
Statped tilbyr eit to dagars gruppekurs for barn fødd med spalte ved cirka tiårsalder. Her øver deltakarane mellom anna på strategiar for å handsame utfordrande sosiale situasjonar. 
Les også om logopedoppfølging