Tidleg innsats for barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte

Barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte kan ha vanskar med språk og tale. Tidlege tiltak er viktig for å få ein best mogleg utvikling og førebygge unødvendige talevanskar.

 

Dei fleste barna som er fødd med spalte vil utvikle korrekt artikulasjon utan særskild oppfølging frå logoped. Samstundes er det eit slektskap mellom spalte i ganen og forsinka språklydsutvikling. Ein del av barna treng derfor ekstra oppfølging. 

Vanskelege språklydar

Når eit barn er fødd med open gane kan det ha vanskar med å uttale nokre av språklydane. Dette gjeld først og fremst språklydar som krev eit godt oralt trykk.

Etter at ganen er operert, vil forholda normalt ligge til rette for vanleg uttale. Likevel vil nokre barn ha behov for ekstra oppfølging av logoped for å få etablere riktige språklydar.

Periodiske høyrselstap

Væskedanning i mellomøyret er vanlegare for denne brukargruppa enn for andre barn. Det kan gi periodiske høyrselstap, og dei treng derfor jamne hørselskontrollar hos lokal øre-nase-halslege, spesielt i førskulealder. Nedsett høyrsel kan føre til vanskar med å tolke språklydar på rett måte, og det kan bli vanskeleg å imitere lydane.

Strakstilbod

Strakstilbod blir gitt til foreldre til nyfødde barn med leppe-kjeve-gansespalte. Tilbodet inneber eit dagskurs, der det mellom anna blir informert om vidare tverrfagleg oppfølging
På dagskurset bidrar logoped og psykolog frå Statped med informasjon og rådgjeving til foreldra.

Lokal oppfølging

Ved behov må barnet få tidleg oppfølging av lokal logoped. Barnet må då tilvisast Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), som er det lokale oppfølgingsapparatet. PPT kan få bistand frå Statped til å følgje opp barna.
Barn som er fødd med ei spalte i ganen har ofte eit særskild behov for aktiv språkleg stimulering med fokus på å sjå og høyre korleis språklydar og ord blir laga.