Spesifikke språkvanskar og munnlege ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter er ein av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med språkvanskar har i større eller mindre grad vanskar med å uttrykkje seg.

Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla for alle fag i skulen.

Kunnskapsløftet deler munnlege ferdigheitar inn i fire områder:

  1. forstå og vurdere
  2. utforme
  3. kommunisere
  4. reflektere og vurdere

Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Dei øvste nivåa av munnlege ferdigheiter føreset høg språkleg kompetanse.

Munnlege ferdigheiter i skulen

Barn og unge med språkvanskar strevar med å formulera seg, med å ha samanhengen i det dei vil formidle, og med å hugse orda. Då blir dei lett undervurdert og misforstått av andre.

Munnlege ferdigheiter blir vektlagt sterkt i skulen. Å delta i klassen sine diskusjonar er ein viktig del av undervisninga i nokre fag, og munnlege elevframlegg er stadig meir vanleg. På det høgste trinna vert dei munnlege ferdigheitene og vurdert gjennom munnleg eksamen.

Digitale læringsressursar

Det finst digitale læringsressursar som kan kompensere for vanskar med munnleg formidling. Særleg finst det ressursar som elevane kan nytte for å lage digitale presentasjonar med visuelle verkemidlar som bilete og video.

Når omgjevnadene viser forståing og fleksibilitet, får også elevar med språkvanskar uttrykke ferdigheitene sine trass i vanskane. Ein føresetnad for dette, er at pedagogikk og teknologi er godt integrert i kvarandre.

Lese meir om kompenserande teknologi, læringsressursar og tilrettelegging i grunnskulen:

Du kan lese meir om dei grunnleggande ferdigheitene i læreplanverket for Kunnskapsløftet på Utdanningsdirektoratet