Spesifikke språkvanskar  og tilrettelegging for studentar

God tilrettelegging kan bidra til at vaksne med språkvanskar fungerer godt i utdanning. Studentar  med spesifikke språkvanskar har ein lovfesta rett til individuell tilrettelegging i studiar 

Tilrettelegging for studentar

Læringsmiljøet skal utformast etter prinsippa for universell utforming, i følgje Lov om Universitet og Høgskole. Så langt det let seg gjere skal studiestaden leggje til rette for studentar med spesifikke språkvanskar, men utan å redusere dei faglege krava. Det inneber individuell tilrettelegging av undervisning, læremidlar og eksamen.

Behovet for tilrettelegging er individuelt og varierer med oppgåvene som skal løysast.

Eksempel på tilrettelegging er:

  • notatar frå førelesarar
  • pensumlitteratur som lydbøker
  • digitale lærebøker
  • bruke studentassistent
  • bruke PC med eigna stavekontroll, ordbok og talesyntese
  • utvida tid på eksamen
  • munnleg eksamen
  • sekretærhjelp på eksamen
  • få lest opp eksamensoppgåver

Tilretteleggingsplikta gjeld berre dersom den ikkje medfører ei for stor byrde for studiestaden. På nettstaden dysleksinorge.no kan du lese meir om dette og generelt om tilrettelegging for studentar.

Les meir om lydbok som pensumlitteratur på nlb.no.

Les meir om tilrettelegging ved eksamen