Spesifikke språkvanskar og tilrettelegging for arbeidstakarar

God tilrettelegging kan bidra til at vaksne med språkvanskar fungerer godt i arbeidsliv. Arbeidstakarar med spesifikke språkvanskar har ein lovfesta rett til individuell tilrettelegging i arbeid.

Arbeidsgjevar er pålagt å tilrettelegge individuelt for personar med spesifikke språkvanskar. Plikta er nedfelt i  Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven. Arbeidstakar har krav på eigna individuell tilrettelegging dersom språkvanskane gjer det vanskeleg å utføre arbeidsoppgåver.

Behovet for tilrettelegging er ulikt frå person til person og varierer etter oppgåvene som skal utførast. Eksempel på vanleg tilrettelegging er:

  • PC med eigna stavekontroll, ordbokfunksjon og talesyntese   
  • scannerpenn eller scannermus
  • elektronisk informasjon slik at ein kan nytte digitale hjelpemiddel framfor å lese sjølv
  • avlasting eller hjelp til visse typar oppgåver
  • tale til tekst-funksjon på nettbrett og smarttelefon

Generelt gjeld tilretteleggingsplikta berre dersom den ikkje medfører for stor byrde for arbeidsplassen. På nettstaden dysleksinorge.no kan du lese meir om dette og generelt om tilrettelegging  i arbeidslivet.

På sidene spesifikke språkvanskar og teknologi  kan du lese meir om tekniske hjelpemiddel for personar med spesifikke språkvanskar.

Mange med spesifikke språkvanskar har også dysleksi. Personar med dysleksi kan låne lydbøker frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek gratis. Dette kan du lese meir om på nettstaden nlb.no