Spesifikke språkvanskar og tidleg innsats

Tidleg innsats er eit grunnleggande prinsipp i opplæringa. Det inneber å setje i verk tiltak tidleg i eit barn sitt liv eller så snart eit behov er avdekt.

Tidleg innsats er å legge til rette for god språkutvikling og å førebygge utvikling av språkvanskar. Det handlar om å fange opp og følgje opp, og å betre barnet sine føresetnader for å byrje på skulen.

God kunnskap om vanleg språkutvikling er nødvendig for å identifisere vanskar. Kartlegging av vanskane er nødvendig for å kunne tilpasse tiltak godt nok.

Barnehagen er viktig

Barn er mest påverkelege i språkinnlæringa når dei er mellom 1,5 og tre år. Språkstimulering har best effekt på det tidspunktet der språkutviklinga naturleg finn stad.

Barnehagen har difor ei svært viktig rolle både i å avdekke vanskar og å følgje opp med tilpassa tiltak.

Barn med språkvanskar har auka risiko for å utvikle lese- og skrivevanskar, sosiale- og emosjonelle vanskar og åtferdsvanskar. Det er ein sterk samanheng mellom språklege ferdigheiter i førskulealder og seinare skulefagleg utvikling. God tilrettelegging og tidlege tiltak reduserer sjansane for at barn utviklar følgjevanskar. Å vente og sjå er aldri ei god løysing.

Leik og samspel

Språkleg kompetanse utviklar seg best gjennom leik og samspel. Leik der barna er spontane og nysgjerrige i god samhandling med vaksne synes å vere den beste arenaen for språklæring for dei minste i barnehagen.

Skuleførebuande aktivitetar

Skuleførebuande aktivitetar som arbeid med rim og reglar, klappe stavingar og lytte ut lydar i ord er viktig for å styrke barna sitt språklege medvit. Barn med språkvanskar treng ofte meir av dette for å førebu seg på leseinnlæringa.

Det same gjeld systematisk arbeid med å styrke barna sitt ordforråd. Barn med stort ordforråd forstår meir av det som skjer på skulen og greier seg betre i opplæringa enn barn med eit avgrensa ordforråd.