Spesifikke språkvanskar og inkludering

Elevar med språkvanskar skal inkluderast på lik linje med andre elevar både fagleg og sosialt på skulen sin.

Elevar med språkvanskar blir i varierande grad tatt ut av klassen for å få undervisning åleine eller i grupper. Opplæringslova er likevel tydeleg på at alle elevar skal ha så stor del av undervisninga som mogleg innanfor klassefellesskapet.

Dei fleste barn har ein sterk tilhøyrsle til klassen sin, og ynskjer og ta mest mogleg del i det som skjer der. Omsynet til dette må vektast tungt, sjølv om det i nokre tilfelle er naudsynt at elevane tek del i aktivitetar på utsida av klassen.

Mange elevar opplever at språkvanskane er til hinder for å delta aktivt i sosiale fellesskap og for å etablere vennskap. Som følgje av dette risikerer dei å trekkje seg tilbake sosialt og utvikle emosjonelle vanskar. Barn med språkvanskar har i ulik grad ha behov for tilrettelegging som gjer det lettare å delta i det sosiale fellesskapet.

Fagleg inkludering

Følgjande er viktig for fagleg inkludering av elevar med språkvanskar:

  • Ein lærar som kommuniserer klart og tydeleg både munnleg og skriftleg.
  • Ein lærar som snakkar litt langsamare, og brukar korte setningar.
  • Ein lærar som gir elevane tid til å forstå og utrykkje seg.
  • Varierte og fleksible prøveformer.
  • Utstrekt bruk av pc framfor penn og papir.
  • Bruk av teknologi som gir barn med språkvanskar moglegheita til å forstå og formidle kunnskap.
  • Visuell støtte i form av video, bilete og symbol.

Sosial inkludering

Følgjande er viktig for sosial inkludering av elevar med språkvanskar:

  • Ein lærar som legg til rette for at elevar med språkvanskar finn sin plass i det sosiale fellesskapet og etablerer vennskap.
  • Eit inkluderande klasse- og skulemiljø.
  • Ein lærar som legg til rette for at den ordinære undervisninga ikkje ekskluderer elevar med språkvanskar.
  • Elevar med behov for ekstra hjelp får denne støtta inne i klassen så langt det er mogleg.
  • Når elevar skal takast ut av klassen, bør det skje i grupper med andre elevar, og innanfor ein avgrensa periode.