Spesifikke språkvanskar – tilrettelegging i førskolealder

God tilrettelegging i førskulealder kan vere avgjerande for korleis barn med språkvanskar greier seg i skulegang, utdanning, arbeid og sosialt liv.

Barn med språkvanskar greier ofte ikkje å utnytte daglege situasjonar til å tileigne seg språk. Dei har behov for indirekte og direkte tilrettelegging.

Det inneber å skape eit støttande og utviklande miljø kring barnet og samstundes jobbe systematisk med å styrke barnet si språkkompetanse.

Ulik tilrettelegging

Tiltaka avheng av kva for språklege delområde barnet strevar med. Barn som har vanskar med språkforståinga treng til dømes anna tilrettelegging enn barn som strevar med språklydane.
Barn med språkvanskar har behov for hjelp heime, i barnehagen, blant vener og i sosialt liv. Det er lettare for barnet å forstå og produsere språk når omgjevnadene tilpassar seg barnet sine språklege ferdigheiter.

Barn med spesifikke språkvanskar treng ofte:

  • meir tid til å oppfatte, fasthalde og tolke språklege uttrykk
  • meir tid til å produsere språklege uttrykk
  • støtte til minnet i form av tilpassa taletempo, hyppige pausar, avgrensa mengde informasjon og enkel setningsoppbygging
  • mange repetisjonar, særleg av omgrep og beskjedar
  • visuell støtte i form av film, bilete, symbol og peiking

Omgrepslæring

Barn med svak språkforståing må arbeide systematisk med omgrepslæring i barnehagen. Læringsressursane Grip omgrepa og En veileder om begrepslæring har gode modellar for korleis vi kan gjere dette.

Det er også svært viktig å utnytte dei daglege situasjonane i språklæringa. Barn lærer nye omgrep når andre set ord på gjenstandar og hendingar.

Høgtlesing er ei anna viktig kjelde til omgrepslæring. På nettstaden lesesenteret.no finn du filmar og informasjon om høgtlesing som språkstimulerande aktivitet og om korleis du kan nytte daglege situasjonar i språklæringa.

Språkleg medvit

Barn som strevar med språket si formside har ofte vanskar med å rime, klappe stavingar og lytte ut lydar i ord. Systematisk arbeid med å styrke barna sitt språklege medvit er viktig for å førebygge seinare lese- og skrivevanskar. Eksempel på gode læringsressursar er Språkverkstedet, Språksprell, Språk og lek og Språkleker.

Barn med uttalevanskar treng særleg oppfølging av logoped for å betre uttalen.
Du kan lese meir om læringsressursar for barn med spesifikke språkvanskar på sidene spesifikke språkvanskar og teknologi. 

Læringsressurs: Språkveilederen