Spesifikke språkvanskar og tilrettelegging ved eksamen

Elevar og studentar med spesifikke språkvanskar treng særskilt tilrettelegging av eksamen for å få vist kompetansen sin.

Opplæringslova sikrar tilrettelegging for elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Lov om Universitet og Høgskole regulerer rettane for studentar.

Behovet for tilrettelegging er individuelt og varierer med oppgåvene som skal løysast. Eksempel på tilrettelegging ved eksamen kan vere:

  • bruke PC med eigna stavekontroll, ordbokfunksjon og talesyntese
  • utvida tid
  • munnleg eksamen
  • sekretærhjelp
  • få lest opp eksamensoppgåver

Tilrettelegging for elevar

Eleven sine behov skal liggje til grunn for tilrettelegging ved eksamen, i følgje Opplæringslova. Elev eller føresette må søkje rektor om tilrettelegging.

Det er ikkje krav om at eleven har spesialundervisning i det aktuelle faget for å få tilrettelegging, men rektor kan krevje tilråding frå sakkunnig instans. Tilrettelegginga skal ikkje gje eleven fordelar eller vere av ei slik grad at eleven ikkje blir prøvd i dei aktuelle kompetansemåla.

Les meir om spesifikke språkvanskar og eksamenstilrettelegging i grunnskulen og vidaregåande opplæring på nettstaden dysleksinorge.no, udir.no (PDF), eller på lovdata.no.

Tilrettelegging for studentar

Læringsmiljøet ved universitet og høgskular skal utformast etter prinsippa for universell utforming i følgje Lov om Universitet og Høgskole.


Så langt det let seg gjere skal studiestaden leggje til rette for studentar med spesifikke språkvanskar, men utan å redusere dei faglege krava. Det inneber individuell tilrettelegging av undervisning, læremidlar og eksamen.

Tilretteleggingsplikta gjeld berre dersom den ikkje medfører ei for stor byrde for studiestaden. På nettstaden dysleksinorge.no kan du lese meir om dette og generelt om tilrettelegging for studentar.

Les meir om tilrettelegging for vaksne på sida spesifikke språkvanskar og tilrettelegging i vaksen alder