Spesifikke språkvanskar og universell utforming

Universell utforming vil seie å gjere noko tilgjengelig for alle. Det betyr å forme produkt og omgjevnader slik at alle kan nytte dei. Elevar med språkvanskar vil ha stor nytte av universell utforming.

Dei som strevar med språkrelaterte vanskar skal kunne ta aktivt del i samfunnet på lik linje med andre. Det er difor relevant å tenke på universell utforming i skulen.

Ein skule for alle

Ein god skule for elevar med språkvanskar er ein god skule for alle.

Skulen kan gjere følgjande for denne elevgruppa:

  • Ein lærar som kommuniserer klart og tydeleg både munnleg og skriftleg.
  • Ein lærar som snakkar litt langsamare, og brukar korte setningar.
  • Ein lærar som gir elevane tid til å forstå og utrykkje seg.
  • Varierte og fleksible prøveformar.
  • Utstrekt bruk av pc framfor penn og papir.
  • Bruk av teknologi som gir barn med språkvanskar moglegheita til å forstå og formidle kunnskap.
  • Visuell støtte i form av video, bilete og symbol.

Tips ved bruk av PC

Barn og unge med språkvanskar har ofte vanskar med å tileigne seg funksjonelle lese- og skriveferdigheiter. Elevar med lese- og skrivevanskar blir råda til å bruke PC. Skulen bør sjølv nytte PC for å ivareta prinsippet om ei universell utforming. Skriftleg materiale blir langt meir tilgjengeleg i ei digital framstilling framfor handskrift.

Slik blir digitale tekstar meir lesevenlege:

  • bruk fonten Arial, Verdana eller Calibri
  • bruk skriftstorleik 13 eller 14
  • bruk linjeavstand 1,5
  • sørg for å ha god kontrast mellom bakgrunn og skrift
  • ikkje bruk for blankt papir