Oppdage spesifikke språkvanskar

Utfordringar med språk og tale er eit av dei vanlegaste problemområda hjå barn i førskulealder. Mange veks vanskane av seg, men ein del utviklar vedvarande språkvanskar som i ulikt omfang påverkar skoleløpet og livet elles.

Spesifikke språkvanskar omfattar barna som ikkje tileignar seg språk som forventa, trass i ei elles vanleg utvikling. Barn med språkvanskar er ikkje ei einsarta gruppe. Både symptoma og omfanget av vanskane varierer.

Vi deler språkvanskar inn i tre grupper, men dei fleste har kjenneteikn frå fleire av gruppene.

Problem med lydsystemet

Nokre har i hovudsak problem med å tileigne seg språklydane. Desse barna har fonologiske vanskar, og talen er i ulik grad uforståeleg. Vanskane kan opptre åleine eller som del av ein meir omfattande språkvanske.

Problem med å uttrykkje seg

Andre tileignar seg lydane i språket utan problem, men strevar likevel med å uttrykkje seg tydeleg. Dette kan skyldast avgrensa ordforråd, vanskar med grammatikk, ordleitingsvanskar eller vanskar med å formulere setningar.

Problem med både å forstå og uttrykkje språk

Ein tredje gruppe har vanskar med å uttrykkje seg, men også vanskar med språkforståing i ulik grad. Forståingsvanskane har samanheng med minnevanskar og avgrensa ordforråd.

Kjenneteikn på språkvanskar i ulik alder

Språkvanskar kan komme til uttrykk på ulikt vis, men ver obs på om barnet har – eller har hatt – eitt eller fleire av desse teikna:

Kjenneteikn hjå småbarn er at

  • spedbarn er stille og bablar lite
  • ettordsytringar ikkje blir brukt ved 1,5 års alder
  • 3-åringar ikkje produserer ytringar på tre ord eller meir
  • 4-5-åringar er vanskelege å forstå
  • 5-åringar har lite ordbøyingar og enkel setningsstruktur
  • dei har vanskar med språkforståing
  • dei har problem med å lære nye ord og har eit lite ordforråd for alderen
  • dei er lite interessert i bøker og i å bli lest for
  • dei gjerne leikar med yngre barn
  • dei har manglande merksemd for språk

Les meir om språkvanskar før skolealder

Kjenneteikn i skulealder er

  • begrensa ordforråd, både i produksjon og forståing
  • vanskar med å uttrykkje seg i samtale og med å fortelje historier
  • vanskar med å forstå reglane i leik, spel og aktivitetar
  • mindre interesse for sosialt samspel
  • avgrensa merksemd og uthald i situasjonar som krev språk
  • vanskar med å oppfatte beskjedar
  • manglande merksemd for språk
  • lese- og skrivevanskar i skolealder

Les meir om spesifikke språkvanskar i skolealder