Spesifikke språkvanskar og utgreiing

Når vi mistenkjer at eit barn eller ein ungdom har språkvanskar, er god kartlegging ein føresetnad for val av eigna tiltak.

Det er ikkje alltid synleg når barn og unge strevar med å forstå eller bruke språket. Språkvanskar blir difor ofte kalla ein skjult vanske. Særleg kan forståingsvanskar vere vanskeleg å avdekke, og mykje tid kan gå tapt. Barn som har vanskar med å uttrykkje seg er lettare å oppdage, men desse barna treng og tiltak basert på grundige undersøkingar. Vurderingar basert på eigne observasjonar åleine, er difor ikkje godt nok.

Det finst fleire måtar å kartleggje eit barn sine språklege ferdigheiter på. I tillegg til testar, som Språk 5–6 screeningtest for språkvanskar, kan vi få mykje informasjon gjennom samtale med føresette og ved systematisk observasjon. Eksempel på verkty for systematisk observasjon av språklege ferdigheiter hos førskulebarn er Tidlig Registrering Av Språkutvikling (TRAS).

Barnehage og skule skal observere og registrere barn si språkutvikling, men dei skal ikkje utgreie språklege vanskar. Dette er i hovudsak ei oppgåve for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Grunnleggande føresetnader

For å utvikle språk som forventa, er det ein føresetnad at høyrsel, minne, samspel og merksemd fungerer tilfredsstillande. Vanskar på dei nemnde områda vil ha ein negativ innverknad på språktileigninga. Difor er det viktig å vurdere desse fyrst.

Les meir om dette på Spesifikke språkvanskar, tverrfagleg utgreiing.

Språkkartlegging

Vi må undersøke fleire eigenskapar for å danne oss eit bilete av barn sine språklege ferdigheiter. Her er ein oversikt over viktige område i ein språkkartlegging.

  • Språkforståing
    • Har barnet vanskar med å forstå ord, setningar og grammatiske konstruksjonar? Manglande forståing heng ofte saman med minnevanskar og avgrensa ordforråd.
  • Omgrepsforståing
    • Har barnet tilfredsstillande kunnskap om ord si meining? Hjå barn med språkvanskar er orda ofte ikkje godt nok organisert og lagra i langtidsminnet.
  • Grammatikk
    • Har barnet tileigna seg kunnskap om språket sin grammatikk som forventa? Det inneber setningsoppbygging, bøying av verb, riktig bruk av preposisjonar, og skilnad mellom eintal og fleirtal.
  • Uttale
    • Har barnet utvikla talen sin som forventa? Barn med språkvanskar har ofte fonologiske uttalevanskar. Då utelet, erstattar og forenklar dei lydar i ord og setningar.

Her finn du aktuelt kartleggingsmateriale ved utgreiing av språkvanskar: Spesifikke språkvanskar, kartleggingsmateriale.

Språkvanskar og lese- og skriveferdigheiter

Barn med språkvanskar har ein auka risiko for å utvikle lese- og skrivevanskar. Grunna vanskar med minne og omgrep, er leseforståing eit område mange strevar særleg med.

Du kan lese meir om lese- og skrivevanskar på sida om dysleksi.