Språkvanskar og overgangar

Barn og unge med språkvanskar eller andre særlege behov er ekstra sårbare når dei byter frå barnehage til skule og i andre viktige overgangar.

Ein overgang er krevjande både for barnet og for dei som ivaretar behova til barnet.

Overgangen inneber mellom anna:

  • risiko for at viktig informasjon ikkje blir formidla til dei rette personane
  • nye omgjevnader for barnet
  • ein ny start og eit potensiale til å betre situasjonen

Ein god overgang kan vere avgjerande for at barnet får ein positiv start. Dette føreset god informasjonsoverføring mellom instansane. Særleg er dette viktig i tilfelle kor barnet kan ha behov for ekstra oppfølging.

Overgang mellom barnehage og skule

Barna som har hatt språkvanskar i førskulealder, har auka risiko for å utvikle skriftspråklege vanskar i skulealder. Dei med tydelege talevanskar blir ofte oppdaga tidleg, og skulen er difor kjent med vanskane til barnet. Barn som har vanskar med å forstå kan derimot byrje på skulen utan at nokon veit om språkvanskane. Vi minskar risikoen for at dette skjer om barnehagar observerer språkutvikling systematisk.

Overgang til mellomtrinnet

Etter kvart som elevane blir eldre, blir krava til språklege ferdigheiter høgre. Kunnskapsmengda aukar i informasjonsfaga, framandspråk krev meir, og i matematikk går omgrepa frå å vere konkrete til å bli stadig meir abstrakte. Dette stillar store krav til språkforståing, og er årsaka til at mange elevar med språkvanskar blir oppdaga først nokre år opp i skuleløpet.

Overgang til ungdomsskulen

I ungdomsskulen er tekniske læringsressursar stadig meir nødvendig for at elevar med språkvanskar skal lære seg pensum, og imøtekoma krav til skriftlege arbeid.

Overgang til vidaregåande skule

Overgangen til vidaregåande skule kan vere særleg sårbar for elevar med språkvanskar. Dette er fordi det ikkje er noko naturleg møtepunkt for informasjonsoverføring mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Då er det ekstra viktig med eigne initiativ for å sikra at elevar med særlege behov får eit tilfredsstillande opplæringstilbod.