Løpsk tale og andre vanskar

Personar med løpsk tale kan også ha andre vanskar. Dei kan ha utfordringar med blant anna språk, merksemd og læring. 

Løpsk tale er ukjent for mange. Symptoma kan difor verte forveksla med andre vanskar slik at personen får feil diagnose.

Rett diagnose er naudsynt for at å få best mogleg oppfølging frå logoped og andre.

Løpsk tale førekjem ofte ilag med andre vanskar. Då er det viktig å vite kva for symptom som skyldast løpsk tale og kva som skyldast andre vanskar, og korleis desse påverkar kvarandre.
I somme tilfelle har barnet ein kombinasjon av løpsk tale og stamming.

Andre kan ha språklege vanskar eller vanskar med impulsivitet, planlegging, organisering og regulering. Det er viktig å rette tiltaka mot den enkelte sine individuelle vanskar. Til dømes kan ein person med løpsk tale kanskje trenge hjelp for å få struktur og oversikt i kvardagen, nett som ein med AD/HD.