Overgang mellom barnehage og skole ved løpsk tale

Overgang mellom barnehage og skole kan vere utfordrande for barn med løpsk tale grunna høgare krav. Dei treng vaksne som ser behova deira, og som veit kva som skal til for å gjere overgangen god.

Barn med løpsk tale har gjerne høgt eller varierande taletempo, utydeleg uttale og vanskar med å halde ein raud tråd i ei utsegn eller ein samtale. Nokre barn har symptoma allereie i førskulealder.

I skolen vert denne typen vanskar ofte meir synlege og kan bli til større hinder for barnet sosialt. Krav til det faglege aukar også. Løpsk tale framtrer ofte saman med andre vanskar, noko som kan ha innverknad på korleis dei fungerer fagleg. I nokre tilfelle har barnet ein kombinasjon av løpsk tale og stamming.

Barn med løpsk tale har ofte ei kjensle av å vere annleis utan å forstå kvifor. Det kan opplevast vondt at andre sluttar å lytte eller ikkje forstår. For små barn kan dette fort føre til konfliktar eller vanskar med å delta i leiken.