Løpsk tale

Løpsk tale kan ha mange ulike symptom. Dei fleste opplever at talemotorikken «går i stå». Orda vert uttala utydeleg, hurtig og nesten uforståeleg for den dei snakker med.

Symptom på løpsk tale kan vere merkbare frå eit barn byrjar å snakke. Likevel er det vanskeleg å diagnostisere løpsk tale før barnet er kring åtte år.

Årsaker

Årsaka til løpsk tale er ikkje kjent. Mange ser likevel ut til å ha ein arveleg eller nevrologisk disposisjon.

Utgreiing

Løpsk tale er ofte ikkje lett å oppdage, og ein logoped må greie ut om symptoma heng saman med andre vanskar.

Vi skil mellom primære og sekundære kjenneteikn på løpsk tale.
Primære kjenneteikn:

  • ujamt, ofte aukande taletempo
  • hurtig og utydeleg tale der orda ofte kjem i feil rekkefølgje
  • repetisjonar av stavingar og småord
  • uorganisert setningsstruktur
  • utelatne eller dårleg uttalte stavingar, lydar og/eller endingar på orda

Sekundære kjenneteikn:

  •  manglande fokus på samtalepartnaren
  • manglande innsikt i detaljar kring eigen tale
  • føle seg misforstått og annleis
  • vanskar med å sette ord på korleis det opplevast å ha løpsk tale
  • behov for hjelp til å strukturere kvardagen og legge til rette for læring