Tidleg innsats

Tidleg innsats ved løpsk tale er nødvendig for å lære gode vanar for tydeleg tale og god kommunikasjon.

Ved å sette inn tiltak tidleg, kan vi endre uheldig åtferd, som til dømes eit ugunstig taletempo og utydeleg tale.

Struktur, oversikt og «ein ting om gongen» i kvardagen er ofte viktig for desse borna. Dette vil kunne legge grunnlag for god utvikling sosialt og fagleg.

Auka medvit og kunnskap om vansken er viktig for at personen med løpsk tale får riktig oppfølging.