Oppdage stamming

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom stamming og naturleg tale med lite flyt.

Naturleg ikkje-flytande tale kallar vi gjerne stotring, småbarnsstotring eller småbarnshakking. Dette er ein naturleg del av taleutviklinga og må skiljast frå begynnande stamming, som det er viktig å fange opp.

Naturleg ikkje-flytande tale

I to- til femårsalderen er barn i sin mest aktive utviklingsvekst og har ofte brot i talen i mindre eller større grad. Nokon barn er språkleg usikre. Dei leiter etter ord,  har vanskar med å formulere seg, repeterer småord og setningsdeler, og ofte har korte opphald i talestraumen.  Hos andre barn kan ordforråd og språk vere godt utvikla, og talemotorikken er den største utfordringa. 
Typiske trekk ved naturleg ikkje-flytande tale er tale med:
  • lette repetisjonar av ord og fraser 
  • jamn rytme
  • pausar
  • bruk av interjeksjonar/fyllord
  • omformulering av setningar
  • barnet er i liten grad merksam på talebrota sine

Begynnande stamming

Typiske trekk ved begynnande stamming kan vere brot i talen i form av:
  • repetisjonar av lydar eller stavingar
  • forlengingar av lyd, staving eller artikulasjonsstilling
  • total blokkering av lyd eller luft
Ein tommelfingerregel er å lytte etter om det er brot mellom eller inni orda. Brot mellom ord og eit par lette repetisjonar av småord i byrjinga av setninga, er ofte eit teikn på naturleg ikkje-flytande tale. Dersom repetisjonane aukar på, blir hardare og ein registrerer brot inni orda, kan det dreie seg om begynnande stamming. 

Utgreie vansken

Eit barn må utgreiast av logoped ved mistanke om stamming. For å skilje mellom naturleg ikkje-flytande tale og begynnande stamming vurderer logopeden mengde talebrot (kvantitet) og type talebrot (kvalitet). Taleflytbrot kan til dømes vere pausar, repetisjonar eller fullstendig stopp/blokkering av luft eller lyd. For ein treåring er cirka 10 prosent talebrot normalt. Hos ein sjuåring kan meir enn ti prosent brot i talen tyde på stamming.

Les mer:

Hoff, Howells & Sønsterund, "Hva er stamming? Sett i relasjon til tidlig stammeforløp", Logopeden, nr.1 (2014).