Overgang mellom utdanning og arbeidsliv

Overgangen til arbeidslivet kan vere tøff for den som stammar eller har løpsk tale. Personar med taleflytvanskar opplever ofte jobbintervjuet som ein svært utfordrande situasjon.

Det er svært individuelt korleis personar som stammar eller har løpsk tale, opplever at vansken hemmar dei i sosiale situasjonar. Det varierer kor mykje og hardt dei stammar, og kor opne dei er om vanskane. Dei som bruker mykje energi på å skjule vanskane, opplever ofte meir stress i sosiale situasjonar.

Som arbeidsgivar er det viktig å vise forståing for vanskane. Det er svært viktig å halde eit roleg taletempo, å lytte og å gi ein som stammar, tid til å snakke ferdig.

Råd til arbeidsgjevar i intervjusituasjonen

  • Ver ærleg og open
  • Viss taleflytvanskane verkar inn på situasjonen kan du spørje om det er noko du kan gjere så situasjonen blir så god som mogleg
  • Senk eige taletempo og skap ein roleg atmosfære. Høgt taletempo er smittsamt og skapar press for den med stamming eller løpsk tale
  • ikkje avbryt
  • Still gjerne dei same krava og kritiske spørsmål til arbeidssøkaren som stammar eller har løpsk tale som til andre arbeidssøkarar

Norsk interesseforening for stamme (NIFS) har gode råd til arbeidsgjevarar og arbeidssøkarar som stammar eller har løpsk tale.