Kommunikasjonsråd til nærpersonar

Nærpersonar og tilsette i barnehage og skule er viktige støttespelarar for barnet som stammar. 

Her er nokre viktige råd:

  • Snakk i eit roleg taletempo. Prøv å modulere roleg, «lett» og sakte tale. Prøv å senke eige taletempo og legg inn nokre pustepausar når du les for barnet (korte setningar-pause-korte setningar)
  • Ver ein tolmodig lyttar. Lytt aktivt til det barnet snakkar om og ikkje til korleis ho snakkar. Gje barnet tid til å finne ut kva ho vil fortelje, og korleis. La ho få fullføre tankane sine utan å bli avbroten
  • Ver ein ærleg kommunikasjonspartnar. Dersom du ikkje har tid til å snakke med barnet, så sei ifrå om det. Ta opp att «tråden» seinare når det er tid
  • Hald naturleg augekontakt når barnet snakkar, sjølv om ho stammar
  • Vent på tur og lytt til kvarandre. Vent eit par sekunder før du svarar som ei hjelp til å roe ned tempoet
  • Reduser innvikla forklaringar, lange setningar og eventuelt vanskeleg språk
  • Reduser spørsmål. Dei har ofte krav i seg til at tilhøyraren skal svare. La barnet få snakke mest mogleg på eige initiativ
  • Ver ein god talemodell ved å setje ord på handlingar og opplevingar
  • Gjenta småord når du snakkar. Repeter av og til eit einstavingsord i byrjinga av ei setning: «No-no skal vi...» « Vil-vil du ha...? Slik syner du barnet at ingen snakkar heilt perfekt
  • Reflekter tilbake bodskapet når barnet stammar. Dersom barnet t.d. seier «Eg vil lese b.b.b.boka» kan du svare lett og naturleg «ja visst kan vi lese bo-boka». Sei tilbake det same ordet som barnet har stamma på, på ein lettare og mjukare måte
  • Gje barnet opplevingar av å meistre. Ha fokus på barnet sine sterke sider og kva ho får til. Alt som kan auke sjølvkjensla hennar vil også kunne verke positivt inn på taleflytutviklinga

Nokre barn treng direkte tiltak i høve talen. Ein logoped vurderer kva type hjelp det einskilde barnet treng.