Stamming og overgang mellom barnehage og skole

Det er eit stort steg å gå frå barnehage til skole. Barn som stammar, treng vaksne som ser behova deira, og som veit kva som skal til for å gjere overgangen god.

Stamming kan bli negativt påverka av endra livssituasjon, som overgangen frå barnehage til skole. Stamminga kan bli hardare og hyppigare. Slike vanskelege fasar kan også gjere at ein prøver å skjule stamminga, noko som kan føre til ei negativ utvikling.

Hovudmålet er å skape eit miljø rundt barnet som gjer at overgangen blir opplevd som trygg og positiv.

Dette kan vi få til ved å

  • ha eit tett samarbeid mellom logoped, kontaktperson i barnehagen, kontaktperson på skolen, foreldre og ikkje minst barnet sjølv
  • gjere det mogleg for foreldra å formidle kva som er viktig for at barnet kjenner seg trygg i møte med skolen – foreldra kjenner barnet best
  • sørge for at alle personane rundt barnet har kunnskap om kva stamming er, og at ein logoped har ei viktig rolle i å gi råd og formidle kunnskap
  • sette oss inn i korleis akkurat dette barnet opplever det å stamme i møte med nye omgivnader og personar
  • lytte til barnet og ta barnet sine tankar og kjensler på alvor, uavhengig av alder
  • gjere det mogleg for kontaktpersonar i barnehagen å formidle erfaringane sine med barnet som stammar
  • sørge for at alle personane rundt barnet har kunnskap om kva stamming er, og at ein logoped har ei viktig rolle i å gi råd og formidle kunnskap
  • skape god tilknytting mellom barnet og ein vaksen kontaktperson i skolen tidleg i overgangsprosessen
  • vere open om vanskane og å skape aksept i klassemiljøet

Start med alt dette i god tid før barnet skal begynne på skolen slik at han eller ho får tid til å førebu seg på det nye tilværet som skoleelev.