Skjult stamming

Den skjulte stamminga inneber ofte mykje besvær slik som hos dei som har ei høyrbar stamming. Kanskje har ein skjult stamminga for omgjevnadene heile livet, og kanskje veit ein ikkje nok om kva vanske ein sjølv har. Mange er heller ikkje merksam på at den skjulte stamminga er ein vanske ein kan få hjelp til, på lik linje med open stamming.  

Sjølv om den skjulte stamminga ikkje er synleg for omgjevnadene, opplever gjerne personen som har skjult stamming, dei same trekka med brot i talen som:
  • repetisjonar av lyd eller stavingar 
  • forlengingar av lyd, staving eller artikulasjonsstilling
  • blokkering av lyd eller luft  
Det som gjer vansken skjult, er at personen som stammar klarer å skjule stamminga si for dei kring seg. Ein har difor i høve til omgjevnadene, eit fråvær av dei vanlege stammetrekka. Ein person med skjult stamming, utviklar strategiar for unngåing som er så «vellykka» at omgjevnaden ikkje merkar stamminga. Dette er ein strategi som er særs energikrevjande. 
 
Dømer på dette kan vere: 
  • å  unngå sosiale situasjonar
  • å raskt bytte ut, omskrive eller finne andre ord i setningar
  • å svare feil, velje å svare «veit ikkje», eller unngå å svare på spørsmål i det heile 

Direkte tiltak

Hjå logoped kan ein få direkte hjelp til utgreiing og oppfølging av den skjulte stamminga. Målet vil vere å overvinne ei eventuell frykt for å snakke/stamme. Ein kan til dømes arbeide med medvit kring eiga taleflyt og kommunikasjon, samt å lære konkrete teknikkar og strategiar for betre taleflyten. 

Indirekte tiltak

For den som stammar, er det naudsynt at omgjevnadene legg til rette for god kommunikasjon. Det er difor viktig å:  
  • skape eit aksepterande og trygt miljø kring den som stammar
  • rettleie barnehage, skule og foreldre i korleis dei kan vere gode talemodellar
  • gje den som stammar, den tida og merksemda han eller ho treng for å fortelje noko
Les meir om stamming i arbeidslivet her