Stamming og andre vanskar

Personar som stammar, kan òg ha utfordringar med språk, merksemd og læring. 

For best mogleg oppfølging er der viktig å vite kva som skyldast taleflytvanskar og kva som skyldast andre vanskar, og korleis desse påverkar kvarandre.

Nokre personar som stammar klarar seg fint på skulen og i vidare utdanning og arbeidsliv, medan andre vil ha behov for ulike typar hjelp.

Andre tilleggsvanskar kan ha negativ innverknad på korleis stamminga utviklar seg. Ofte trengst ei brei oppfølging og fleire typar tiltak for at personen skal lære betre i skulen og fungere godt i arbeidslivet.

Stamming kjem stundom saman med lærevanskar, språkvanskar, dyspraksi, dysleksi og ADHD/ADD.