Tidleg innsats

Tidleg innsats er viktig for å snu ei negativ utvikling av stamming.  Jo tidlegare vi set inn tiltak, jo betre er prognosane.

Om lag 80 prosent sluttar å stamme utan hjelp, men vi veit ikkje kven som sluttar å stamme av seg sjølv. Dersom vi «ventar og ser» kan det vere vanskeleg å hjelpe barnet slik at stamminga minkar. Konsekvensen er at behandlinga tek lengre tid, eit uheldig stammemønster festar seg og barnet får meir tid til å vedlikehalde uheldige talemønstre.

I oppfølging av stamming er logopeden særs viktig. Foreldre, barnehage og skulen si rolle er blant anna å vere gode modellar og trygge og gode støttespelarar for barnet.

Kommunikasjonsråd til nærpersonar

Tiltak for og oppfølging av førskolebarn

Overgang mellom barnehage og skole ved stamming

Tiltak og oppfølging for skolebarn

Stamming og andre vanskar