Tilrettelegge eksamen ved stamming

Munnleg eksamen er ein vanskeleg situasjon for mange som stammar.

Eleven skal prestere fagleg under tidspress. Tidspress fører ofte til at brota i taleflyten blir sterkare og kjem raskare.

Eleven skal dessutan formidle noko munnleg. Personar som stammar kan ha store utfordringar med dette. 

Råd til elevar

  • Set deg inn i rettane du har til særskild tilrettelegging. Meir om dette kan du lese på NIFS sine nettsider. 
  • Kontakt lærar, rådgivar eller andre som kan hjelpe deg med å søke om tilrettelegging.
  • Ver open om vanskane og forklar lærar og sensor om korleis du opplever situasjonen, og korleis dei best kan legge til rette for at du får vist kunnskapane dine. 
  • Søk gjerne råd frå logoped om teknikkar og strategiar du kan nytte ved munnlege presentasjonar.

Råd til lærarar/sensorar

  • Ver ein open og ærleg kommunikasjonspartnar og spør om taleflytvanskane gjer situasjonen utfordrande.
  • Finn ut om det er noko du kan bidra med for å gjere situasjonen så god som mogleg.
  • Gi signal om at du lyttar til innhaldet, ikkje korleis det blir formidla.
  • Signaliser at du har tid til å lytte.
  • La eleven snakke ferdig før du bryt inn med spørsmål.
  • Set deg inn i rettane til tilrettelegging for elevar med taleflytvanskar. 
  • Nasjonalt Taleflytnettverk har laga eit skriv som samanfattar relevante lovar og reglar. Dette finn du på nettsida til Norsk interesseforening for stamme (NIFS). Der finn du eksempel på korleis du søker om særskild tilrettelegging.