Tiltak for og oppfølging av førskolebarn

Tidlege tiltak aukar sjansen for at eit barn sluttar å stamme. Foreldre, barnehage og skole er viktige støttespelarar for barnet.

Logopeden nyttar både direkte og indirekte tiltak når han følger opp eit barn som stammar.

Eit indirekte tiltak er å rettleie og gi råd til heim, barnehage og skole om strategiar for å vere ein god kommunikasjonspartnar. 

Eit direkte tiltak er å lære barnet lurare måtar å få orda ut på. Direkte tiltak gjennomførast av logopeden, som oftast med eldre skolebarn, sidan det krev ei viss innsikt i eiga stamming. Logopeden jobbar ein-til-ein eller i mindre grupper. 

Foreldre

Mange foreldre er usikre på kva dei skal gjere når eit barn begynner å stamme. Eit viktig tiltak er å gi dei tid. I ein kvardag med tidspress og mange krav på ulike arenaer er det lurt å sette av nokre minutt kvar dag til samtale og kommunikasjon på barnet sine premissar. Slik skapar foreldre eit rom der barnet kan fortelje og snakke utan stress eller press. Dette bidrar til å redusere faktorane i miljøet som kan verke negativt inn på stamminga.
I desse minutta kan du som forelder 
  • lytte konsentrert til barnet og høyre kva ho har å fortelje
  • gi konsentrert merksemd når ho snakkar, spesielt når det kjem stamming
  • redusere ditt eige tempo når du snakkar (snakk litt saktare enn barnet ditt)
  • redusere mengd av spørsmål
  • gi god tid til dialog og samtale
  • ta ein pause før du snakkar/svarar, så du syner at det er nok tid til å planlegge det du ønskjer å seie

Barnehage

Saman med foreldre utgjer barnehagepersonalet ein viktig del av den indirekte hjelpa. Dei som stammar skal ikkje behandlast annleis enn dei andre barna. Samstundes vil dei trenge tilrettelegging og støtte slik at premissane for kommunikasjon blir gode. Gode tiltak i barnehagen kan vere med å hindre at stamming utviklar seg til å bli ei funksjonshemming.