Taleflytvanskar

Taleflytvanskar er eit felles namn for stamming og løpsk tale. Stamming og løpsk tale høyrest ulikt ut, men kan likevel vere vanskeleg å skilje.

Typiske kjenneteikn for stamming er å repetere, forlenge og blokkere lydar og småord. Løpsk tale er kjenneteikna av hurtig og utydeleg tale.

Både stamming og løpsk tale gir vanskar med flyt i talen. Dette kan gi utfordingar i kommunikasjon med andre. Nokre personar har og kjenslemessige opplevingar knytt til det å stamme eller ha løpsk tale, noko som kan forverre vansken.

Statped kan bidra med å greie ut og vurdere taleflytvanskar, rettleie og gi råd eller halde kurs. PP-tenesta kan søke bistand frå Statped.

Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS) er ein landsomfattande organisasjon for personar som stammer og personar med løpsk tale.