Hopp til hovednavigasjon Hopp til hovedinnhold
Logobilde modul
Profilbilde modul

Statped Vest

Om Statped Vest

Illustrasjon Statped Vest

Statped Vest er eit statleg spesialpedagogisk kompetansesenter i Vest-Noreg som skal gi støtte til opplæringsansvarlege i kommunar og fylkeskommunar. Statped sin visjon er likeverd og meistring.

Statped Vest vektlegg tilgjenge, respekt og kvalitet.

Kurskatalog

Kurs og konferansar

Kurs på oppdrag

Kurs på oppdrag
Etter ønskje frå våre samarbeidspartnarar kan vi innan våre fagområde arrangere kurs lokalt eller i Statped Vest sine lokale. Døme: Kommunikasjon med teikn, ADHD – problematikk, autismespekterforstyrringar,leppe-kjeve-ganespalte.

Kurs- og konferansesenteret

Kurs- og konferansesenteret
Statped Vest sitt kurs- og konferansesenter ligg ved hovedkontoret på Paradis i Bergen. Kurssenteret er utstyrt med moderne tekniske hjelpemiddel. Senteret er velegna for større og mindre møte, kurs og konferansar. Kurslokala er til leige kvar for seg eller samla og har ein kapasitet frå 2 til 200 personar.