Kva er Statped?

Statped skal bidra til at det vert mogleg for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov å ta aktiv del i utdanning, arbeid og samfunnsliv.

Statped er ei støtte til kommunar og fylkeskommunar. Vi er ein pådrivar for å utvikle fagområda høyrsel, syn, språk og tale, pådregen hjerneskade, samansette lærevanskar og døvblindheit. Statped bidreg til eit likeverdig tilbod til den einskilde brukaren.

Kommunar og fylkeskommunar har ansvaret for å gi barn, unge og vaksne opplæring og moglegheit til god utvikling. Vi tilbyr støtte til kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med barn, unge og vaksne som har særskilde opplæringsbehov. Målet er

  • god og tilrettelagd opplæring
  • tilfredsstillande læringsutbytte som fører til meistring

Statped støttar kommunane både i arbeidet med enkelte barn, unge eller vaksne med særskilde opplæringsbehov, og med systemretta tiltak for ein betre læringssituasjon for enkeltindivid med særskilde behov. Ved behov utviklar Statped tiltak for kompetanseheving på lokalt nivå saman med kommunane og fylkeskommunane.

Vi har ein særskild funksjon knytt til samiskspråklege med spesialpedagogiske behov innan fagområda våre, basert på god forståing for samisk språk og kulturutvikling.

Statped sine tenester er eit tilbod som ikkje er lovpålagt.

Tenestene har bakgrunn i barnehagelova og opplæringslova. Tenester til vaksne har bakgrunn i opplæringslova § 4A-2.