Statpeds årsrapport 2014

God ask

Læringsressursen «God ASK» handlar om korleis vaksne kan bli betre kommunikasjonspartnarar for barn som treng alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Tekst: Svein Erik Moløkken

For at barn skal lære å bruke ASK, må dei vaksne også bruke det. Det krev både kunnskap, øving og rettleiing. Derfor er «God ASK» eit rettleiingsmateriell med videoklipp, instruksjonar, forklaringar, spørsmål til refleksjon og arbeidsoppgåver.

Ressursen er publisert på www.statped.no/godask. Det er også planlagt eit trykt hefte som kan lastast ned, og som har utfyllande stoff og samandrag av det som vert sagt på nettet. Materiellet er laga for barnehagepersonale som arbeider med barn i alderen to til seks år, og som har behov for ASK. God ASK vil også vere nyttig for pårørande eller fagpersonar til dei som har store kommunikasjonsvanskar, eller for dei som rettleier eller underviser på kommunikasjonsområdet.

Med utgangspunkt i videoklipp frå kvardagsaktivitetar med åtte ulike barn som treng ASK, får ein sjå korleis det ser ut i praksis. Dei vaksne rundt barna viser kva dei gjer, og sjåarane får innblikk i kvifor. Det er lagt vekt på å skape forståing ved å synleggjere konkrete idear og praktiske løysingar i morosame og motiverande samhandlings- og samtalesituasjonar med barna.

Læringsressursen er delt inn i tre hovudtema:

  • god kommunikasjon
  •  opplæringsstrategiar
  • kompetanseutvikling 

Desse tema er igjen delt inn i undertema.

God ASK vart lansert hos Statped vest i Bergen 10. desember. Til lanseringa møtte inviterte samarbeidspartnarar og Statped-tilsette. Dei fekk ei grundig innføring i ressursen og korleis han er bygt opp og skal brukast. God ASK er utvikla med støtte frå Utdanningsdirektoratet.

Side 66 av 88