Statpeds årsrapport 2016

Tenestehandbok som skildrar tilbodet

– Handboka er eit viktig skritt i retning likeverdige tenester. Ho viser både det som er felles for alle fagfelta våre og synleggjer også at fagfelta er ulike i si utforming av teneste, seier Gerd Ingunn Opdal, regiondirektør i Statped vest.

Gerd Ingunn Opdal. Foto: Morten Brun

I mars 2016 lanserte Statped ei intern tenestehandbok. Handboka skildrar alle tenestene Statped tilbyr og skal sikre eit likt tilbod til heile landet. Ho består av to generelle delar og ein fagspesifikk del. Dei generelle delane gir føringar for korleis Statped skal yte tenester, kva innhaldet er i tenester som utgreiing, rådgjeving og kurs og korleis Statped skal samarbeide med kommunane. Den fagspesifikke delen skildrar tenester på fagområda og arbeidsområde som læringsressursar og teknologiutvikling, alternativ og supplerande kommunikasjon, fleirspråklegheit og samisk spesialpedagogisk teneste.

– Tenestehandboka gir oss ei retning for korleis vi skal jobbe. Ho er ein statusrapport over kva Statped gjer og kva vi tilbyr, seier Opdal.

Mottakarperspektiv

Tenestehandboka tar opp i seg eit mottakarperspektiv. Handboka gir mellom anna att nokre formuleringar slik det kunne sjå ut dersom søkarinstansar hadde fått formulere behovet ut i frå sin synsstad. Dette skal hjelpe tilsette med å forstå situasjonen til dei som søker tenester, særleg når søknadar verkar mangelfulle eller uklåre.

– Det er nyttig å ta søkaren sitt perspektiv. Det å kunne forstå den situasjonen ein PP-rådgjevar står i, er viktig for å gje relevant rådgjeving. Nokre gonger treng han til dømes å drøfte ei kompleks sak utan at det er heilt enkelt å seie nøyaktig kva han vil drøfte, seier Opdal.

Vektlegge fellesdelen

Tenestehandboka seier lite om korleis tenestene skal utformast dei næraste åra. Når innhaldet i tenesteportefølja i Statped blir vidareutvikla, ser regiondirektøren for seg at det som er felles, får større plass. I så fall vil boka legge meir vekt på korleis Statped gir ei teneste framfor å skildre det faglege innhaldet.

– Sjølv om faga og dei faglege spisskompetansane er ulike, kan vi tenke likt om arbeidsmåtar, metodar, rolla som rådgjevar og korleis vi samhandlar med brukarar og samarbeidspartnarar, seier Opdal.

Ho meiner fagavdelingane har meir til felles enn det som skil dei. Eitt døme er strakstilboda til Statped. Det består av samtale med brukaren, foreldre/føresette og eventuelle samarbeidspartar ved nyoppdaga funksjonsnedsettingar. Metoden, målet og tilnærminga er lik, sjølv om det konkrete innhaldet varierer frå fag til fag.

– Statped har mykje å vinne på at fagområda tenker likare. Alt vi gjer handlar om at barn, unge og vaksne som treng det, skal få tilrettelagde tilbod i barnehage og skule. Ein slik tankegang utfordrar både leiarar og medarbeidarar til å komme vidare i tenesteytinga, seier Opdal.

Side 28 av 32