Spesifikke språkvanskar omfattar barna som ikkje tileignar seg språk som forventa, trass i ei elles vanleg utvikling. Barn med språkvanskar er ikkje ei einsarta gruppe. Både symptoma og omfanget av vanskane varierer.
Vi deler språkvanskar inn i tre grupper, men dei fleste har kjenneteikn frå fleire av gruppene.
Problem med lydsystemet
Nokre har i hovudsak problem med å tileigne seg språklydane. Desse barna har fonologiske vanskar, og talen er i ulik grad uforståeleg. Vanskane kan opptre åleine eller som del av ein meir omfattande språkvanske.
Problem med å uttrykkje seg
Andre tileignar seg lydane i språket utan problem, men strevar likevel med å uttrykkje seg tydeleg. Dette kan skyldast avgrensa ordforråd, vanskar med grammatikk, ordleitingsvanskar eller vanskar med å formulere setningar.
Problem med både å forstå og uttrykkje språk
Ein tredje gruppe har vanskar med å uttrykkje seg, men også vanskar med språkforståing i ulik grad. Forståingsvanskane har samanheng med minnevanskar og avgrensa ordforråd.
Kjenneteikn på språkvanskar i ulik alder
Språkvanskar kan komme til uttrykk på ulikt vis, men ver obs på om barnet har – eller har hatt – eitt eller fleire av desse teikna:
Kjenneteikn hjå småbarn er at
- spedbarn er stille og bablar lite
- eittordsytringar ikkje blir brukt ved 1,5 års alder
- 3-åringar ikkje produserer ytringar på tre ord eller meir
- 4-5-åringar er vanskelege å forstå
- 5-åringar har lite ordbøyingar og enkel setningsstruktur
- dei har vanskar med språkforståing
- dei har problem med å lære nye ord og har eit lite ordforråd for alderen
- dei er lite interessert i bøker og i å bli lest for
- dei gjerne leikar med yngre barn
- dei har manglande merksemd for språk
Kjenneteikn i skulealder er
- avgrensa ordforråd, både i produksjon og forståing
- vanskar med å uttrykkje seg i samtale og med å fortelje historier
- vanskar med å forstå reglane i leik, spel og aktivitetar
- mindre interesse for sosialt samspel
- avgrensa merksemd og uthald i situasjonar som krev språk
- vanskar med å oppfatte beskjedar
- manglande merksemd for språk
- lese- og skrivevanskar i skulealder