StatpedMagasinet 2–2017

Auke ASK-kompetansen

ASK-nettverket skal også bidra til å auke ASK-kompetansen på kommunalt og fylkeskommunalt nivå gjennom å utvikle felles rammer og malar for kurs og etterutdanningar og utarbeide felles informasjonsmateriell, filmar, artiklar og oppgåver til bruk på ulike arenaer. I tillegg er ASK-nettverket medverkande i å synleggjere og produsere fagstoff på ASK-feltet på www.statped.no/ask. Som eit eksempel på ei arbeidsoppgåve som ASK-nettverket har vore aktive i, kan nemnast utarbeiding av UDIR sin ASK-veileder og oppbygging av SEVU-PPT, etterutdanningstilbod i ASK til PP-tenesta.

Nettverket sine medlemmar uttrykker at deltaking og arbeid i ASK-nettverket har ført til at vi har fått betre kjennskap til kvarandre i Statped. Betre kjennskap til dei ulike sine arbeidsoppgåver, arbeidsformer og tilnærmingar til dei oppgåvene vi har i dei ulike regionane, har ført til at vi no har etablert ei godt etablert nettverksgruppe som samarbeider godt og konstruktivt og som bidreg til å støtte kvarandre i dei ulike fagpersonane sitt arbeid.

Tekst: Anne-Marete Kleppenes

Side 29 av 63