StatpedMagasinet 1–2015

Barnehagen der alle lærer teiknspråk

I Bø barnehage på Radøy lærer alle barna teiknspråk sjølv om dei høyrer normalt. Slik inkluderer dei den eine jenta med nedsett høyrsel. Fire år gamle Elida har store høyrselstap på begge øyre. Med høyreapparat høyrer ho mykje, men ikkje alt. Difor bruker ho teiknspråk i tillegg til talespråk. Sjølv om dei andre barna i barnehagen høyrer normalt, bruker dei teikn i samlingsstunda, medan dei et og litt i leiken. Barnehagen er nemleg eit av pilotprosjekta om bruk av teiknspråk i regi av Statped.

Tar teikna intuitivt

Samlingsstunda er i gang for dei eldste barna i Bø barnehage. Pedagog Elin Stevnebø stemmer i og syng kva ho heiter medan ho gjer teikn. Barna syng med. Hendene er flittig i bruk. Alle barna har sitt eige namneteikn. Så er det tid for å sjå på smartboarden, ei stor, interaktiv tavle som barn og vaksne kan trykkje på. I dag viser skjermen bilete av ein dyrehage og mange teikn for dyr nedst på skjermen. Barna får etter tur seie namnet på eit dyr dei ser, før dei foreslår kva som er teiknet til dyret. Når dei så trykkjer på teiknet på skjermen, viser ei dame korleis ein gjer teiknet. – Barna har kopla samanhengen mellom visuelle uttrykk og teikn. Dei gjer teikn for lang hals når vi snakkar om sjiraff, og stor munn når vi snakkar om krokodille, fortel Stevnebø.

Trong ny kunnskap

Bø barnehage hadde inga erfaring med høyrselstap før Elida fekk diagnosen. Då Statped tilbaud å bli med på eit pilotprosjekt om å bruke teiknspråk i barnehagen, var ikkje styrar i tvil og takka ja. – Vi såg behovet for ny kunnskap. Elida blei ein pådrivar for oss til å lære oss teiknspråk, seier styrar Gro Håland. Gjennom prosjektet har fleire av dei tilsette deltatt på innføringskurs i teiknspråk i to veker, og dei har fått oppfølging og rettleiing av Statped undervegs. Barnehagen har også fått verktøy som smartboard og nettbrett, og dei tilsette har blitt kjende med ulike læringsressursar om teiknspråk. Ei arbeidsgruppe med fem tilsette planlegg ulike teiknspråktiltak. Kvar månad lærer barna minst ti nye teikn. Teikna blir brukte i samlingsstunder og så mykje som mogleg gjennom dagen.

Eit språkarbeid for alle

Statped vest har det siste halvanna året gjennomført fire pilotprosjekt om bruk av teiknspråk i barnehage og skule. Prosjektet handlar om å styrke teiknspråk i grunnopplæringa. Utgangspunktet er at teiknspråk er eit offisielt og fullverdig språk. Målet er å gjere språket meir synleg i opplæringa. Dette skal bidra til å inkludere barn og unge som nyttar teiknspråk. Dei fire pilotane er Bø barnehage på Radøy, Nattland skule i Bergen, Sagvåg skule på Stord og Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen. Prosjektet er eit oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Prosjektleiar i Statped vest er Ellinor Hjelmervik.

For meir informasjon kan du sende ein e-post til ellinor.hjelmervik@statped.no.

Inkluderande tiltak

Teiknspråkpiloten byggjer på ein tanke om at fellesskapet skal tilpasse seg individet med særskilde behov. Det betyr i praksis at alle tar i bruk noko teiknspråk, både dei 70 barna og dei 20 tilsette. For Elida har dette vore positivt, sjølv om ho i starten ikkje var så motivert for å lære seg teiknspråk. Dei andre barna var nyfikne på teikna, og det smitta over på Elida.

– Elida føler seg meir normal når alle bruker teikn. Då føler ho at det ikkje er noko gale med henne, ho har berre eit anna språk, fortel mor til Elida, Elisabeth Vågenes. Elida var to år gamal då høyrselstapet blei diagnostisert. Det var ikkje berre-berre å skulle lære seg ein ny måte å kommunisere på. Då var det til stor hjelp at heile barnehagen tok i bruk teikn. – Dei eldste barna er flinke til å bruke teikn i kommunikasjonen med Elida. Ho blir lettare forstått no. Før leika ho meir ved sida av dei andre, no er ho meir med i leiken. Ho er mindre sint og frustrert, seier mor.

Dei andre foreldra i barnehagen har vore svært positive til teiknspråkprosjektet. Bø barnehage ligg på ein liten plass der alle kjenner alle. Fleire foreldre til barn som høyrer normalt, fortel at barna er opptatt av å bruke teiknspråk også på heimebane. Dei bruker teikn ved middagsbordet og underviser syskena i teiknspråk.

Språkstimulering for alle

Teiknspråkpiloten er eit språkpolitisk prosjekt. Det handlar ikkje om spesialpedagogikk, men om å innføre eit ekstra språk på arenaer som har eitt eller fleire barn med nedsett høyrsel. Medan Elida lærer seg eit førstespråk, lærer dei andre barna seg eit framandspråk. Det er til stor nytte for språkutvikling og dugleik i kommunikasjon.

– Bruk av teiknspråk har gagna alle barna. Vi gir dei språkstimulering ved å tilby eit ekstra språk, og teiknspråket er ei visuell støtte for det vi seier. Dette har særleg vore positivt for dei barna som slit med språkforståing, og for framandspråklege barn, seier Ingvill Hovland. Ho er støttepedagog i barnehagen. Barna tar gjerne i bruk teikn når dei ikkje finn orda. Det skjedde mellom anna då eit barn frå eit anna land ikkje hadde ordet for brunost. Då peikte barnet på sin eigen mørke hud, for deretter å gjere teiknet for ost. Ei jente gjorde teiknet for regn då ho skulle fortelje i kva for eit vêr ho kunne nytte dei nye støvlane sine. Særleg framandspråklege barn er raskare med i dialogen enn dei normalt er når dei kan bruke teikn som støtte i kommunikasjonen.

– Vi har sett at barn som bruker lang tid før dei klarer å uttrykkje seg på norsk, blomstrar når dei tar i bruk teikn, seier Hovland.

Skapar fellesskap

Teiknspråktiltaka har ikkje berre bidrege til språkstimulering hos barna, men har også hatt positive konsekvensar for miljøet i barnehagen. – Teiknspråket har skapt eit fellesskap mellom barna fordi ungane er nysgjerrige saman og møter det nye saman, seier Ingvill Hovland. Teikn blir også brukt spontant av barna når dei leiker og kommuniserer. Særleg dei eldste tar i bruk teikn og kuttar gjerne ut stemma når dei leiker. – Vi ser at teiknspråket ikkje berre er Elida sitt, det er alle sitt, seier Hovland. Frå første stund har barnehagen vore tydeleg på at teiknspråktiltaka er for alle barna, ikkje berre for ho som høyrer dårleg.

Vinn-vinn-situasjon

Teiknspråkpiloten har kravt sitt av personalet i Bø barnehage. Mykje tid har gått med til å planleggje og gjennomføre tiltak knytt til teiknspråk, og dei tilsette har måtta ta til seg ny kunnskap. Fritida har også blitt nytta for å komme i mål med tiltaka. Likevel opplever personalet å gå i pluss; dei får igjen for tida dei investerer. – Elida gir oss ein grunn til å fortsetje, men det er fleire grunnar. Til dømes ser vi verdien av å bruke teikn når dei framandspråklege barna klarer å gjere seg forstått, fortel Gro Håland.

Bø barnehage har fått eit grunnlag å byggje vidare på og er takksam for oppfølginga frå Statped vest. – Teiknspråk-piloten er utan tvil det prosjektet vi har fått mest igjen for å vere med på. Det har vore ein driv heile tida, og vi har blitt oppmuntra til å halde fokus på teikna, seier Håland.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Fellesskapet tilpassar seg individet

– Teiknspråkpiloten er eit radikalt prosjekt fordi det handlar om at fellesskapet tilpassar seg enkeltindividet, seier Patrick Kermit, professor ved NTNU. Han evaluerer teiknspråkpiloten på oppdrag frå Statped.

– Sjølv om vi kallar det inkludering, handlar praksisane i Noreg tradisjonelt om å få enkelteleven til å tilpasse seg fellesskapen. Tanken om spesialundervisning, der vi tar enkeltelevar bort frå fellesskapen, lever godt i Noreg. Men vi er på rett veg mot meir ekte inkludering, sjølv om det går sakte, meiner Kermit. Både forsking og studium viser at det er vanskeleg å inkludere. Dette gjeld barn og unge med høyrselshemmingar så vel som andre nedsette funksjonar. Kermit meiner at teiknspråk er ein god inngang til inkludering. Dette er nettopp fordi eit språk berre har ein funksjon om mange nyttar det.

Positivt for mange

I evalueringa har Kermit funne fleire positive effektar av teiknspråkpiloten. Han ser mellom anna at mange barn har hatt glede av språkstimuleringa. – Vi veit at det nesten alltid er ein styrke å kunne fleire språk. Det er mange døme på korleis teikn blir brukte for å stimulere ulike grupper, som spedbarn, utviklingshemma og andre. Det er difor positivt at alle har fått ta del i tiltaka, seier Kermit. For dei tilsette har det vore nyttig å bli gjort merksame på og få opplæring i ulike læringsressursar. Evalueringa har også vist eit potensial for meir fellesskap og erfaringsutveksling mellom dei som underviser tospråklege elevar. Dette kan til dømes skapast i lukka fellesskap i sosiale media.

Ulike haldningar

Dei fire institusjonane i teiknspråkpiloten hadde ulike erfaringar med bruk av teiknspråk då prosjektet starta. To hadde inga erfaring får før, medan to har lang erfaring med bruk av teiknspråk. Evalueringa viser meir fastlåste haldningar til teiknspråk på dei institusjonane som har nytta språket lenge. Desse skulane var meir prega av haldningar om at teiknspråk angår nokre få elevar og ei lita gruppe tilsette kring dei. Det var lettare å setje i gang tiltak for alle der det ikkje var kompetanse på teiknspråk frå før.

Større ordforråd og betre forståing

– Å bruke teikn-til-tale gir barn større ordforråd og betre forståing av omgrep. Det viser både forsking og erfaringa vår, seier Margrethe Fjæren i Statped. Ho er teiknspråkkonsulent og tolk for døve og har lang erfaring med bruk av teiknspråk. I Bø barnehage har Fjæren banka på døra kvar fjerde veke. Gjennom teiknspråkpiloten lærer barn med høyrselshemming seg eit førstespråk, medan dei andre lærer seg eit framandspråk.

– Tida er heldigvis forbi då både pedagogar og andre trudde at teiknspråk stod i vegen for å utvikle talespråk. Det er tvert imot positivt å lære seg eit ekstra språk, meiner Fjæren.

Ho ser at barnehagen spesielt har hatt nytte av praktiske hjelpemiddel og læringsressursar. – Bruk av smartboard og læringsmateriell er nok det som har vore lettast å ta til seg for personalet i barnehagen, fortel Fjæren. – Det er essensielt å ha materiell lett tilgjengeleg, slik det er gjennom ei tavle som kan brukast i det daglege.

Synleggjere teiknspråk

Teiknspråkpiloten har som mål gjere teiknspråket meir synleg og skape positive haldningar til språket. – Språket blir rikare når det kjem på fleire hender. Når fleire får ta del i språket, blir det meir alminneleg. Teiknspråket har vore for isolert til å få ei naturleg utvikling, meiner Fjæren. Ho opplever at teiknspråkpiloten har blitt godt tatt imot av alle som har vore involverte, også foreldra til barn som høyrer normalt. – Eg opplever ei positiv haldning til bruk av teikn. Både vaksne og barn har vore veldig aksepterande. Pilotprosjekta med teiknspråk blir avslutta i vår. – Ei viktig erfaring vi tar med oss i evalueringa, er at tid er ein viktig faktor for å få til endring. Deltakarane i pilotprosjekta opplever at tida har vore knapp, men vi har likevel sett resultat av arbeidet, meiner Fjæren.

Side 19 av 22