StatpedMagasinet 2–2015

Lone skule: Rektor lytta til ekspertar og satsa på lærarane

Rektor og to lærarar ved Lone skule.Det er svært krevjande å leggje til rette skulekvardagen for blinde elevar. Lone skule starta arbeidet fleire år før skulestart for den første av to elevar utan syn. Ved å lytte til råd frå ekspertar og gi lærarane tid og kompetanse, har skulen skapt gode rammer for dei blinde jentene i 2. og 6. klasse.

To mil utanfor Bergen ligg Lone skule med knappe 300 elevar. To av dei er blinde. Om nokre år er det skulestart for eit tredje barn som ikkje kan sjå. Dette barnet møter ein skule som er godt rusta til å ta imot ein blind elev. Skulen har systematisk bygd kompetanse sidan 2008, då han fekk melding om at det ville starte ein blind elev i 2010.

– Vi visste ikkje kva det innebar å få ein blind elev, men valde å lytte til ekspertar og fylgje dei råda vi fekk, forklarar rektor Lars Håbrekke.

Lærarane er suksessfaktoren

Lone skule har fått tett oppfølging av rådgjevarar frå Statped midt og det som før heitte Tambartun kompetansesenter.

Samarbeidet begynte to år før skulestart for eleven som i dag går i 6. klasse. Det heile starta med ei rekkje samtalar mellom rektor og rådgjevarar i Statped som understreka at det er viktig å satse på lærarane.

Det første rektor gjorde, var difor å sørgje for tilstrekkeleg kompetanse i personalet. Rektor plukka ut to lærarar som var motiverte for å ta 20 studiepoeng i punktskrift ved NTNU. Etter kvart tok tre lærarar til same etterutdanning for å førebu skulen på å ta imot nok ein blind elev i 2014.

Det neste rektor gjorde, var å redusere undervisningsplikta til lærarane for dei blinde elevane. Dette gir lærarane meir tid til å førebu undervisninga, noko som er tidkrevjande.

Det tredje han gjorde, var å innføre eit to-lærarsystem i klassane med punktskriftelevar. Det betyr at i dei fleste timane er det to lærarar i klasserommet.

– Lærarane er suksessfaktoren for å lykkast med å leggje til rette for punktskriftelevar. Det er dei vi må bruke ressursar på. No har vi kompetanse på huset og kan klare oss om ein lærar blir sjuk, for det er ikkje lett å finne vikarar som kan punktskrift, seier Håbrekke.

Fokus på inkludering

Lone skule er opptatt av å inkludere dei blinde elevane i skulemiljøet. All undervising skjer i samla klasse. Medelevane har gått med bind for auga for å erfare korleis det er å ikkje sjå. Dei har også øvd på å vere følgjeperson og har gjort seg kjende med datautstyret til punktskriftbrukarane.

– Det er viktig å vise elevane at det er plass til alle ved skulen vår. Det gjer noko med aksepten for kvarandre å sjå at nokon er annleis, meiner Håbrekke.

På generelt grunnlag peiker han likevel på at det sosiale samspelet kan vere krevjande for ein som ikkje kan sjå. Skulen forsøker difor å organisere friminutta med leik i mindre grupper, la leiken skje på område med mykje romleg lyd og nytte synstolkar. I tillegg er det viktig å lære elevane sjølvstende, slik at dei etter kvart klarar seg sjølve og tør å sleppe seg laus.

Økonomien mest utfordrande

Økonomien er ei av dei største utfordringane når rektor legg til rette skulekvardagen for dei blinde elevane. Etterutdanning, redusert undervisingsplikt og to-lærarsystem kostar. Rekningane har skulen stort sett tatt sjølv. Det er til dømes vanskeleg å få pengar til etterutdanning, særleg i punktskrift. Rektor er likevel ikkje i tvil om den økonomiske disponeringa.

– Dette har vore heilt naudsynte prioriteringar. Elevar har krav på undervising på sitt skriftsystem, og blinde elevar har krav på lærarar som kan punktskrift, meiner Håbrekke.

Den auka ressursbruken slår positivt ut på faglege resultat. Dei to klassane har gode resultat på både kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar.

– Jo meir gjennomtenkt undervisinga er, jo betre blir han gjerne. I desse klassane er det vanskeleg å improvisere. Undervisinga er nøye planlagt, og det er struktur og system på alle måtar. Dette kjem alle elevane til gode, seier rektor.

Mest mogleg sjølvstendig

Dei fem punktskriftlærarane ved Lone skule underviser i par. Lærarane har delt faga mellom seg. Den som har ansvar for å planleggje timen for klassen, har også ansvaret for opplegget til den blinde. På denne måten blir alle elevane inkluderte i det same opplegget. Den ekstra læraren som er i klassen følgjer opp den blinde eleven, men også der det elles er behov. Målet er mellom anna å gjere den blinde mest mogleg sjølvstendig.

Både i førebuing og undervising må lærarane ta omsyn til at dei blinde ikkje kan sjå bilete, ting eller det som føregår i klasserommet. Timane må planleggast ned til minste detalj. Alt må ha ein fast plass i klasserommet. Skriftleg materiale må omsetjast til punktskrift eller tilpassast ein leselist. Bilete må forklarast. Ansiktsuttrykk og reaksjonar må skildrast.

Nyttar det taktile

– På småtrinnet driv vi mykje med teikning, fargelegging og prikk-til-prikk-oppgåver.

Korleis legg vi dette til rette for ein blind elev, eksemplifiserer lærar Linn Hjartnes Henjum.

– Når bilete ikkje kan brukast, blir gjenstandar ekstra viktig. Til dømes får elevane ta på ein pyramide når undervisinga handlar om tredimensjonale geometriske figurar.

– Dei andre elevane kan sjå eit bilete av

ein pyramide, men det kan ikkje ein som er blind. Då er det viktig at vi nyttar det taktile og gir erfaringar gjennom gjenstandar og ord, slik at ein blind kan få sine eigne erfaringar om kva ein pyramide er, seier Henjum.

Lærarane ved skulen er takksame for at rektor gir dei tid til å planleggje gode undervisingsopplegg.

Rektor gir oss tid og brukar ressursar. Elevane er heldige som har ein rektor som viser interesse og tar ansvar. Han stiller opp for dei blinde elevane og er gjerne saman med dei i friminutta, seier lærar Karen Gaarder.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Side 19 av 31