StatpedMagasinet 2–2015

Modell for førebuing og skulestart

Portrett av Randi Rusten– Det er ei stor oppgåve å ha ansvar for eit tilpassa opplæringstilbod til ein elev utan syn. Men leiinga ved Lone skule lyttar til rettleiinga frå oss. Skulen skil seg ut som ein mønsterskule i å leggje til rette for blinde elevar, fortel seniorrådgjevar Randi Rusten i Statped midt.

I Noreg nyttar i overkant av 50 elevar punktskrift i opplæringa. Det er difor ein sjeldan og spesialisert kompetanse å kunne noko om tilrettelegging for denne elevgruppa. Den kommunale PP-tenesta gir råd og rettleiing for elevar som treng det, og Statped tilbyr å støtte PP-tenesta rundt skulestart for punktskriftelevar.

– Det er mange som må førebuast på å ta imot ein elev som brukar punktskrift: opplæringsansvarleg, PPT, rektor, lærarar og andre tilsette ved skulen, seier Rusten.

På slutten av 1980-talet utvikla tidlegare Tambartun kompetansesenter, no Statped midt, ein modell for skuleførebuing og skulestart for kommunar. Modellen er nytta i samarbeidet med Lone skule. Førebuinga og skulestarten skjer på følgjande vis:

1. Møte med leiinga på skulen eit til to år før skulestart. Målet er å skape medvit om kva det inneber å leggje til rette og tilpasse opplæringstilbodet til ein blind elev og å motivere til å finne interesserte og aktuelle lærarar.

2. Våren før skulestart held Statped eit skuleførebuande kurs (trinn 1) for opplæringsansvarleg, PPT og skulen. Kurset varer i tre dagar og skal skape medvit om å planlegge og gjennomføre eit tilpassa opplæringstilbod. Kurset handlar om inkludering, utvikling av sjølvstende, initiativ, eigenaktivitet og forståing hos eleven. Det handlar også om rollene til dei vaksne, om samarbeid og læringsmiljø, og det tar føre seg den første opplæringa i lesing, skriving og matematikk.

3. Hausten i 1. klasse held Statped kurs for barn, foreldre og lærarar i lokala til Statped midt. Her samlast elevar på 1. trinnet og foreldra deira. Ein av lærarane er og med på kurset. Eleven blir observert på områda lesing, skriving, matematikk, fysisk aktivitet og ADL (activity of daily living, eit grunnleggjande fagområde for elevar som er sterkt synshemma). Foreldra får eit kurs om skuletilbodet på begynnartrinnet til elevar som nyttar punktskrift og blir orienterte om elevane sine rettar. Kompetansen til lærarane blir også bygt.

4. I løpet av det første skulåret blir det utforma ein samarbeidsavtale mellom kommunen og Statped. Her blir det avklart felles mål for samarbeidet og kven som har ansvar for kva av skulen, PPT og Statped.

5. Våren i 1. klasse held Statped lærarkurs for heile personalet. Her er mellom anna fagplanane på 2. trinn sentrale.

6. NTNU har tilbod om utdanning for pedagogar som skal arbeide med elevar som nytter punktskrift i opplæringa. Studiet heiter «Pedagogisk arbeid med elevar som nytter punktskrift i opplæringa». Det gir 20 studiepoeng og kan gå inn i eit masterløp og startar i september kvart år. Fem av lærarane ved Lone skule har tatt denne utdanninga.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Side 20 av 31