StatpedMagasinet 2–2015

Ny teknologi gir moglegheiter og utfordringar

To ungdommar som viser fram figur av Eiffeltårn og ein 3D-skrivar3D-skrivarar som skriv ut gjenstandar og taktile nettbrett der elevane kan kjenne bileta med fingrane. Dette er døme på framtidas læringsressursar for blinde elevar.

Statped har ei eiga avdeling for læringsressursar og teknologi. Ho lagar og utviklar læremateriell som skal fremme læring hos elevar som treng tilrettelegging i undervisninga. Ei av oppgåvene er å produsere punktbøker og anna læremateriell for blinde elevar. I tillegg følgjer dei tilsette nøye med på den teknologiske utviklinga for å sjå kva for nokre moglegheiter han gir for elevar utan syn.

– Nettbrett, smarttelefonar og smartboard er blitt ein del av skulekvardagen. Korleis kan vi sikre at også blinde elevar får nyte godt av denne teknologien, spør Niels-Erik Mathiassen, direktør i Statped læringsressurser og teknologiutvikling (SLT).

Alle må få tilgang til same teknologi

Til dømes testar no SLT ut taktile nettbrett der bileta kjem i taktile former. Kvaliteten er foreløpig ikkje god nok til at bretta kan bli tatt i bruk i skulen. Men mykje kan skje på kort tid. – Eg trur det vil skje fantastiske ting dei neste fem åra. Det er berre fem år sidan nettbretta kom på marknaden, og no er dei blitt vanlige i skulen. Likeeins vil det ikkje ta lang tid før kvar heim har ein 3D-printar, spår Mathiassen. Han meiner det er viktig for inkluderinga at alle elevar får tilgang til den same teknologien. Dessutan: – Digital kompetanse er ei grunnleggande ferdigheit som elevane skal lære i skulen. Også blinde treng teknologisk kunnskap for å klare seg i samfunnet, seier Mathiassen.

To utfordringar

Men ny teknologi byr også på utfordringar. Mellom anna er ikkje alt digitalt materiell universelt utforma.

– Vi må jobbe for å auke medvitet om universell utforming i samfunnet slik at fleire bøker og appar blir universelt uforma. Samstundes må vi gi elevane kompetanse til å nytte materiell som ikkje er perfekt utforma fordi det er dette dei møter utanfor skulen, seier Mathiassen.

Ei anna utfordring med ny teknologi er å sette han inn i ein pedagogisk ramme.

– Det ligg mange moglegheiter i ein smarttelefon, men vi må finne ut korleis vi kan nytte dei. Det kan vere krevjande å halde oversikt over dei mange moglegheitene og sette dei inn i ein pedagogisk samanheng, trur Mathiassen.

Tradisjonelt og nytt materiell

Sjølv om ny teknologi opnar opp for nye typar læringsressursar for blinde elevar, går ikkje punktbøker av moten med det første.

– Vi snakkar ikkje om eit enten-eller. Vi held fram å produsere punktbøker så lenge det er naudsynt, seier Mathiassen.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Side 10 av 31