StatpedMagasinet 3–2015

Ver på vakt når barnet slår hovudet

Gut som held seg til hovudetKvar dag slår mange barn hovudet sitt. Dei snublar, fell i leik, dett av sykkelen, slår seg på trening eller er utsette for trafikkuhell. Foreldre bør ta alle slag mot hovudet på alvor, også når eit barn verkar uskadd.

Eit slag mot hovudet fører ofte til hjerneristing, som er det same som ein mild hjerneskade. Dette er ei forbigåande endring i funksjonen til hjernen. Milde hjerneskadar er skjulte og kan i liten grad bli sett på røntgen. Det er difor symptoma og åtferda til barnet som vitnar om ein slik skade. Årleg får kring 1600 barn under 19 år ein traumatisk hjerneskade etter slag mot hjernen, men mørketala er truleg store. Dei fleste skadane er milde.

– Symptoma på ei hjerneristing kan vere kvalme, oppkast, svimling eller problem med balansen, fortel Elinor Hasli, seniorrådgjevar i Statped.

– Viss symptoma er kraftige, er det viktig å oppsøkje lege raskt. Gå heller ein gong for mykje enn ein gong for lite dersom du er i tvil, seier ho.

Hasli erfarer at barn er særleg utsette for slag mot hovudet i alderen frå fire til seks år og frå ni til elleve år. Førskulebarna prøver seg stadig meir på å klatre, medan tiåringane får aukande fridom til å gå fritt og sykle lenger.

Strakstiltak heime

Når barn får eit slag mot hovudet, må føresette vere på vakt. Barnet kan ha fått ein mild hovudskade, sjølv om han ikkje er synleg. – Det er viktig å vere føre var og tenkje tidleg innsats. Medisinen er å ta det med ro. La barnet kvile, skjerm det frå stimuli og ta ein pause frå aktivitet, oppmodar Hasli.

Viss barnet ikkje har nokre spesielle symptom, er det nok å kvile seg ein dag eller to. Viss ein derimot ser endringar hos barnet, bør det halde seg i ro nokre veker.

– Forsking viser at barn kan bruke opptil tre månader på å komme seg etter ei hjerneristing. Tiltak dei første dagane kan redusere tida.

Hasli åtvarar mot å tru at barn kjem seg raskt utan spesielle tiltak. Det stemmer nemleg ikkje. – Det er ein myte at barn restituerer seg raskare enn vaksne, sjølv om hjernen er meir plastisk. Barn har ein hjerne i rivande utvikling som jobbar på høgtrykk. Forsking og mi eiga erfaring viser at barn bruker lengre tid enn vaksne på å komme seg etter ei hjerneristing.

Tilrettelegging ute

Det er ikkje berre føresette som skal vere observante når barn slår hovudet. Barnehage og skule har også eit ansvar. Til ei kvar tid treng 10 000 norske elevar tilrettelagt opplæring fordi dei har fått eit slag mot hovudet. Talet baserer seg på internasjonale berekningar.

Første bod er at barnehage og skule aksepterer at barnet har ein skade, sjølv om han ikkje er synleg.

– Barn med hjerneristing blir fortare trøytte enn normalt. Dei er gjerne meir sensitive for lyd, lys og støy, som det er mykje av i barnehagar og skular. Difor bør barna til dømes ha kortare dagar og færre aktivitetar som gjer dei slitne, som til dømes lesing, skriving, gym eller leik, seier ho.

Ein må også leggje til rette dei sosiale situasjonane. Dei kan vere ekstra krevjande etter ei hjerneristing grunna mykje støy og raske samtalar.

– Dei sosiale samanhengane er både eit problem og ein medisin for barn med milde hovudskadar. Dei blir slitne av å vere sosiale, men samstundes treng dei å oppleve at dei får det til. Skule og barnehage må difor leggje til rette for avgrensa, sosiale konstellasjonar som barnet meistrar, meiner Hasli. Ho oppmodar til eit godt samarbeid mellom heim og barnehage eller skule, til beste for barna.

Langvarige konsekvensar

Om lag ti prosent av alle som får milde hjerneskadar, opplever livslange vanskar i dagleglivet og i læring. Nokre barn har så omfattande problem at dei blir vist til PP-tenesta og eventuelt Statped.

– For nokre av barna blei det ikkje tatt nok omsyn til symptoma dei hadde etter slaget mot hovudet. Så har problema eskalert slik at barna er mykje trøytte, har hovudpine, blir lett engstelege og har store kjenslemessige svingingar, fortel Hasli, og held fram:

– Når vi ser symptoma i samanheng, er det mogleg å få til tiltak og tilrettelegging. Dei aller fleste barna blir heilt bra til slutt, men restitueringa tar mykje lengre tid enn om ein hadde tatt omsyn til skaden med ein gong.

Tilrettelegging går til dømes ut på å:

  • la barnet bruke digitale hjelpemiddel, men i avgrensa omfang
  • redusere mengda oppgåver
  • hjelpe barnet i gang med aktivitet
  • sjekke at barnet forstår oppgåvene
  • følgje med hyppig på korleis det går med barnet
  • legge til rette for at barnet gjer ein ting om gongen.
  • ha føreseielege dagar med god struktur
  • lage avgrensa sosiale konstellasjonar som barnet klarer å ta del i

Symptom på hjerneristing

  • Søvnforstyrring eller trøyttleik
  • Hovudpine
  • Kvalme og oppkast
  • Dårleg balanse eller koordinasjon
  • Svimling
  • Problem med synet
  • Sensitiv for lys og lyd
  • Mentalt omtåka
  • Vanskar med hugs og konsentrasjon
  • Irritabel, trist eller nervøs

Faresignal – oppsøk lege raskt

  • Auka kjensle av trøyttleik
  • Barnet lar seg ikkje vekke
  • Forverra hovudpine eller nakkesmerter
  • Vedvarande oppkast
  • Pupillar av ulik storleik
  • Krampar
  • Forvirring eller kortvarig tap av hugs
  • Uklårt syn, dobbeltsyn, uklår tale eller tap av rørsle
  • Endra åtferd
Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Side 26 av 28