StatpedMagasinet 3–2015

Modell som skal sikre tidleg innsats

Forskar Øyvind Kvello var lei av den lange avstanden mellom teori og handling. Difor laga han ein praktisk modell for å sikre tidleg innsats for barn som treng det. 53 kommunar nyttar no modellen.

– Det er eit stort sprang frå teoretisk forståing til praktisk handling. For å handle treng vi konkrete modellar å jobbe etter. Viss ikkje endar vi lett i gode intensjonar og flosklar om samarbeid, seier Øyvind Kvello, som mellom anna er forskar ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP Øst og Sør) og Universitetet i Tromsø.

Modell for rett hjelp tidleg

Kvello-modellen er ein praktisk gjennomføringsmodell som byggjer på tverrfagleg samarbeid. Målet er å sikre at barn får dei tenestene dei treng og har krav på. Modellen fungerer på følgjande måte:

  • Ein kommune vedtek å nytte Kvello-modellen i nokre eller alle barnehagar, både kommunale og private.
  • Eit tverrfagleg team med tilsette frå PP-teneste, helsestasjon, barnevern, ergo- og fysioterapiteneste og eventuelt psykologteneste observerer barn i ein barnehage saman.
  • Alle barna blir observerte med unnatak dei som allereie er under oppfølging, eller der foreldra ikkje har gitt samtykke.
  • Teamet noterer seg barn som dei vil diskutere nærare. Barnehagen supplerer eventuelt lista med barn dei har merka seg.
  • Teamet og barnehagen har eit felles møte der dei diskuterer barna.
  • Nokre barn får tilrettelegging i barnehagen, gjerne med tips frå hjelpeapparatet etter godkjenning frå foreldra.
  • Nokre barn blir viste til hjelpeapparatet. Dette må i så fall bli godkjent av foreldra.
  • Ved behov møtest teamet og barnehagen etter to–tre månader for å evaluere tiltak og stake ut ein kurs framover.

– Fleirfagleg tilnærming er ein styrke. Vi får sett barna med ulike auge og drøfta dei grundig. I tillegg får vi koordinert den tverrfaglege innsatsen, forklarer Kvello, og held fram:

– Kring 10–12 prosent av barna får oppfølging i etterkant. Av desse blir om lag seks prosent vist til hjelpeapparatet. Barnehagen blir difor det viktigaste tiltaket, for god pedagogikk har ofte kurerande effekt. Men barnehagar skal ikkje bli behandlingsinstansar, seier Kvello.

Når det tverrfaglege teamet besøkjer barnehagen, observerer dei også barnehagen som system. Dei ser til dømes på tidsbruk, møblering, bruk av inne- og ute-område, stemning, variasjon i aktivitetar og vaksenrolla.

– Systemobservasjonen er med på å kvalitetssikre barnehagane. Erfaringa mi er at barnehagane set pris på systemblikket, seier Kvello.

Fangar opp barn i gråsona

Dei fleste barn med alarmerande vanskar blir fanga opp av barnehage og hjelpeapparat. Barn som har mindre vanskar, blir derimot ikkje oppdaga så lett. Men tidleg innsats er viktig også for dei, anten utfordringane er sosiale, emosjonelle, språklege eller motoriske.

– Målet er å oppdage barna i ein tidleg fase av vanskeutviklinga. Kvellomodellen er tidkrevjande, men tidsbruken er fornuftig. Vi oppdagar barna tidleg og kan hjelpe dei med små grep. Det er betre enn å vise dei til hjelpeapparatet når dei er 10–12 år og har utvikla store problem, seier Kvello.

– Så er det jo sjølvsagt ein fare for at vi definerer for mange barn som risikoutsette. Men problemet er nok heller at vi ser for få av barna, seier Kvello.

Sein innsats

Mange uroar seg over at barn ikkje får hjelp tidleg nok. Tilvisingar til hjelpeapparatet har ifølgje Kvello ein topp på barn mellom åtte og tolv år. Mange har hatt problem heilt sidan barnehagealderen. Då har mykje tid gått tapt.

– Alderen på tilvisingar går ikkje ned. Dette gjeld trass i enorm kunnskapsspreiing blant fagfolk dei siste 30 åra og foreldre som er meir og meir kompetente og kunnskapsrike, forklarar Kvello.

Mange faktorar speler inn på kvifor barn ikkje får tidleg hjelp. Kvello erfarer at mange barnehagar ikkje har tid eller mot til å gripe inn, sjølv om dei legg merke til barn som skil seg ut.

– I ein travel barnehagekvardag er det vanskeleg å få tida til å gå opp. Når det tverrfaglege teamet endar opp med å diskutere ein firedel av barna, seier det noko om kor avgrensa kapasitet barnehagane har til å drøfte og gruble over barna i kvardagen, seier Kvello.

Mange barnehagetilsette fortel at dei kvir seg for å ta opp utfordringar med foreldre. Dette fører ofte til at barn ikkje blir vist til hjelpeapparatet.

– Mange gruar seg rett og slett til den vanskelege foreldresamtalen. Vi ser eit stort behov for å rettleie barnehagar i metodar for korleis dei skal møte foreldra, seier Kvello.

Reiskap til tidleg innsats

53 norske kommunar har tatt i bruk Kvello-modellen. Fire kommunar står på venteliste for å få opplæring. Nokre kommunar har nytta modellen i så mange år at det er på tide å vidareutvikle framgangsmåten og sjå om han kan gjerast mindre omfattande.

– Modellen blei utvikla etter ein klagestraum frå kommunar om at dei ikkje klarte å få til tidleg innsats i praksis. Så lenge vi har nytte av modellen, er han ein nyttig reiskap for å få til tidleg innsats. Men om nokre år er det kanskje andre tilnærmingar som trengst, seier Kvello.

Modellen er likevel ingen garanti for resultat.

– Sjølv i kommunar som har nytta modellen og hatt tidleg innsats i mange år, fell ikkje alderen på barn som blir vist til hjelpeapparatet. Vi veit ikkje kvifor det er slik. Kanskje vi har klart å redusere omfanget og alvoret i vanskane, men dette er berre spekulasjonar, seier Kvello.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Side 15 av 28